Serpentine (òg kalla Serpentine River) er ein 11 hektar stor kunstig innsjø i Hyde Park i London i England, skapt i 1730. Sjølv om namnet vert nytta om heile innsjøen, er det i røynda berre den austlege halvdelen som heiter Serpentine. Serpentine Bridge, som markerer grensa mellom Hyde Park og Kensington Gardens, markerer òg vestgrensa for Serpnetine. Den lange og smale vestlege halvdelen av innsjøen heiter i røynda Long Water. Serpentine, som tyder «slange», har fått namnet sitt er den svingande forma.[1]

Serpentine
innsjø
Serpentine Bridge from Kensington Gardens
Land  England
Innsjøtype Kunstig innsjø
Tilsig Westbourne
Utløp Westbourne
Koordinatar 51°30′19″N 0°10′10″W / 51.50528°N 0.16944°W / 51.50528; -0.16944
Kart
Serpentine
51°30′19″N 0°10′10″W / 51.505277777778°N 0.16944444444444°W / 51.505277777778; -0.16944444444444
Wikimedia Commons: The Serpentine, London

Geografi endre

 
Sluse i demninga frå 1730 aust i innsjøen

Opphavleg fekk innsjøen vatn frå Westbourne i den italienske hagen i den nordvestlege enden av Long Water. Westbourne slutta å føre vatn til Serpentine i 1834, då elva hadde vorte altfor forureina,[2] og han får no vatn pumpa frå Themsen. The Long Water går søraustover frå dette punktet til Serpentine Bridge, der innsjøen svingar brått austover. I austenden renn vatnet ut av innsjøen via ei sluse i demninga. Historisk rann vatnet sørover dette punktet og markerte grensa mellom Westminster og Kensington, men etter 1850 har elva vorte omdirigert til ein kulvert og under bakken før ho munnar ut i Themsen nær Chelsea Bridge.

Innsjøen er relativt grunn og den største djupna er 12 meter.[3]

Biletgalleri endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. «Hyde Park & Kensington Gardens Stroll». Urban75. 2006-11. Henta 28. mars 2010. 
  2. «Thomas Hawksley and the Project to Cleanse The Serpentine: 1859-1862». Arkivert frå originalen 16. august 2018. Henta 28. mars 2010. 
  3. Cunningham, Peter (1850). Hand-Book of London. London.