Sesamolje er ei vegetabilsk olje laga av sesamfrø med ei særmerkt nøtteaktig lukt og smak.[1] Ho er mykje brukt i asiatisk og afrikansk matlaging. Olja blir også brukt til massasje og som del av tradisjonell og alternativ behandling.

Lys sesamolje
Mørk sesamolje av rista sesamfrø.

Sesamolje kan ha ulike fargar, frå nesten fargelaus (kaldpressa olje) eller gyllen (indiske variantar) til mørkebrun (austasiatisk). Austasiatisk sesamolje er mørk på farge og har ein karakteristisk smak som kjem av at ho er laga av rista frø. Ho blir vanlegvis brukt ved slutten av kokeprosessen for å gje ekstra smak og ikkje som steikeolje i seg sjølv. Lysare indisk sesamolje blir brukt som steikeolje i Sør-India.

Innhald endre

Sesamolje har føljande samansetjing av feittsyrer:

Fettsyre Nomenklatur Minimum Maksimum
Palmitin C16:0 7.0 % 12.0 %
Palmitolen C16:1 trace 0.5 %
Stearin C18:0 3.5 % 6.0 %
Olje C18:1 35.0 % 50.0 %
Linol C18:2 35.0 % 50.0 %
Linolen C18:3 trace 1.0 %
Eikosen C20:1 trace 1.0 %

Kjelder endre

  1. Goldberg, Sharon (1995). «Sesame Oil, a featured ingredient». Flavor & Fortune. Arkivert frå originalen 23. desember 2015. Henta 11. november 2017. 

Bakgrunnsstoff endre