Sestriere

kommune i Italia

Sestriere er ein kommune i provinsen Torino i regionen Piemonte i det vestlege Italia. Kommunen har eit areal på 25 km² og 889 innbyggjarar (2010). Sestriere ligg øvst i dalen Val Chisone, 17 km frå grensa til Frankrike. Landsbyen er 2 035 meter over havet. Kring om reiser fjelltoppen Fraitève (2 701 moh) seg i nordvest, i søraust ragar fjella Sises (2 658 moh) og Punta Rognosa (3 280 moh).

Sestriere

Soge endre

Den mektige indstrileiaren Giovanni Agnelli fekk i 1930-åra bygt to hotell og to taubanar i Sestriere. Seinare fylgde eit hotell til, ein hoppbakke og dei første stolheisane. Anlegga vart ein del skadd under andre verdskrigen, men vart sett i stand att. Ei 18-hols golfbane, den høgstliggjande i Europa, er også opparbeidd.

Verdscupen i alpint har i fleire tiår så å seie årleg arrangert renn i Sestriere. VM i alpine greiner 1997 vart avvikla på staden, der nordmennene Tom Stiansen vann gullmedaljen i slalåm og Atle Skårdal gjorde det same i super-G. Også under Vinter-OL 2006 vart fleire av dei alpine øvingane arrangert i Sestriere.

Saman med nabokommunane Claviere, Sauze d'Oulx og Cesana Torinese har Sestriere gått saman om skisportsområdet Via Lattea. Sestriere har i alt 146 skiløyper og 92 heisar av ymse slag. Samanlagt har utforløypene ei lengde på 400 kilometer.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sestriere