Seteleie er ei fosterstilling der bakenden eller føtene til fosteret ligg vend mot fødselskanalen. Seteleie kan føra til fødselskomplikasjonar knytte til setefødsel, eller ein kan forløysa barnet i keisarsnitt. I nokre høve kan ein også snu fosteret før fødselen slik at det kan bli fødd i vanleg fødselsstilling.[1]

Teikning av foster i seteleie frå 1754 av William Smellie

Dei fleste foster ligg i seteleie tidleg i svangerskapet, men snur seg mot slutten av det. Ved prematur fødsel er det større sjanse for at fosteret ligg i seteleie.[1] Ved termin (37.–40. svangerskapsveke) har rundt 3–5 % av gravide kvinner eit foster i seteleie.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Breech birth | childbirth», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 12. januar 2020 
  2. Hofmeyr, GJ; Hannah, M; Lawrie, TA (21 July 2015). «Planned caesarean section for term breech delivery.». The Cochrane Database of Systematic Reviews 7: CD000166. PMC 6505736. PMID 26196961. doi:10.1002/14651858.CD000166.pub2.