Setermjelt

planteart
Setermjelt
Setermjelt
Setermjelt
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Galegeae
Slekt: Mjeltslekta Astragalus
Art: Setermjelt A. alpinus
Vitskapleg namn
Astragalus alpinus

Setermjelt (Astragalus alpinus) er ein plante i mjeltslekta i erteblomfamilien (Fabaceae). Han er 10-25 cm høg, med liggande stengel og smale, små parstilte blad utan klengetrådar. Dei bleik-lilla eller blå-lilla blomane blømer i juni-juli.

Skildring endre

 
Setermjelt i Sør-Tyrol i Italia.

Setermjelt har smale, små blad som sit parvis og er mørkegrøne på oversida og lyst grågrøne og hårete under. Øyreblada (der stilken blir delt eller bladstilkene er festa) er relativt breie, og 3-5 mm lange.

Belgane er brungrøne og hårete med svarte hår. Dei er litt klumpete og kan ha ein bøygd, kort brodd ytst.

Arten skil seg frå ei rekkje vikker ved at setermjelt har ei mengd blomar i ein klase – 12-25 blomar i alt. Han skil seg frå blåmjelt ved at sistnemnde har atskilleg større blad og øyreblad, og dessutan endå fleire blå blomar.

Utbreiing endre

Setermjelt veks på tørr grunn med sand, grus eller i humusjord. Han trivst på blomeenger i fjellet, langs vegkantar og elvebreidder og i sandbakkar og skrentar.

Han er utbreidd i fjellet og i innlandet i Sør-Noreg, men i Nord-Noreg nord for Trøndelag går han òg ut til kysten.[1]

I Norden lever han spreidd i Sverige frå Dalarne og nordover, og i Finland både i søraust og i nord.[1] Arten veks òg i høglandsstrøk i Alpane og i Karpatene.

Setermjelt har fire populasjonar (variantar):

  • Setermjelt (Astragalus alpinus var alpinus) – Sørlege Norden
  • Nordleg setermjelt (Astragalus alpinus var arcticus) – Nordkalotten og Russland
  • Alpemjelt (Astragalus alpinus var L.) – Alpane
  • Astragalus alpinus – Karpatane

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Lennart Stenberg (red.), Steinar Moen (norsk red.), Gyldendals Store nordiske Flora, 2003 (Oslo 2007), side 338

Bakgrunnsstoff endre