Ein setesvein i norsk seinmellomalder var ein mann som hadde svore truskapseid til ein stormann og tente han som var han ein konge. Setesveinane stod for den verdslege forvaltinga av dei økonomiske interessene til kyrkja i seinmellomalderen.

Erkebiskopen hadde etter sættargjerda rett til å halde 100 skattefrie setesveinar, kvar av dei andre biskopane hadde rett til å halde 40 setesveinar. Setesveinane hadde, på same måte som adelen, full skattefridom på setegardane sine. Dei var òg fritekne for leidangteneste, men erkebiskopen kunne sjølv kalle seteveinane til militærteneste for seg.

I tenesta som seteveinar gjekk helst storbønder og representantar for deklasserte adelsslekter.

Olav Engelbrektsson sine setesveinar endre

I 1533 hadde erkebiskop Olav Engelbrektsson 69 seteveinar:

Når erkebiskopen hadde flest setesveinar nordpå. var det fordi jordegodset hadde eit kjerneområde i Trøndelag, og fordi erkebipestolen var strekt engasjert i fiskeria og tørrfiskhandelen i Nord-Noreg.

Etter reformasjonen endre

Etter reformasjonen overtok kongen erkebiskopen sine eigedommar. Kongen let lena bli styrte av adelsmenn, dei fleste frå Danmark. Seteveinane fekk ingen forleningar, og dei mista heilt det økonomiske grunnlaget for adelskap. Samstundes mista kyrkja grunnlaget for den økonomiske maktstillinga si når det verdslege organsisasjonsapparatet var sett ut av spel.

Handelen med tørrfisk frå Nord-Noreg vart overteken av borgarar frå Bergen.

Kjelder endre