Seven Second Summits

Seven Second Summits (engelsk for Dei sju nest høgaste fjelltoppane) er dei nest høgaste fjella i kvar av dei sju verdsdelane. Alle desse fjella er eigne fjelltoppar, og ikkje ein mindre topp på det høgaste fjellet i verdsdelen. Den 3. januar 2012 vart austerrikaren Hans Kammerlander den første i verda til å nå toppen av alle desse sju fjella.[2][3]

Plasseringa til somme av Seven Second Summits. I dette kartet er Puncak Trikora indikert gjennom Puncak Mandala rekna som den høgaste toppen.[1]

Definisjonar endre

Definisjonen av verdsdel eller kontinent er noko omstridd blant fjellklatrarar som ønsker å fullføre denne utfordringa.

Hovudryggen av Store Kaukasus vert generelt rekna for å vere grensa mellom Europa og Asia. I dette tilfellet ligg Elbrus (5642 moh) 10 km nord for kontinentskiljet og er det høgaste fjellet i Europa. Om ein ikkje tar med Kaukasus er Mont Blanc (4808 moh) det høgaste fjellet i Europa. Det australske kontinentet er definert som fastlandet av Australia og dei nærliggande øyane som ligg på same kontinentalsokkel, inkludert Tasmania og Ny-Guinea. Når ein reknar sju verdsdelar, er ein av verdsdelane Australasia, som til dømes inkluderer fjella på New Zealand. Her vil Carstensz Pyramid (4884 moh) på Ny-Guinea vere den høgaste toppen. Om ein reknar eit kontinent som ein samanhengande landmasse omgjeve av hav, vert fastlandet i Australia eit eige kontinent med Mount Kosciuszko (2228 moh) som den høgaste toppen.

Bass- og Messner-lista endre

Second Seven Summits følgjer Seven Summits-lista skapt av Richard Bass ,[4] som valde det høgaste fjellet på det australske fastlandet, Mount Kosciuszko (2228 moh), til å representere det høgaste fjellet i den australske verdsdelen. Reinhold Messner føreslo ei anna liste (Messner- eller Carstensz-lista) der Mount Kosciuszko er erstatta med Carstensz Pyramid på Ny-Guinea, som er ein del av Indonesia (4884 moh.).

Følgjer ein Bass-lista er Mount Townsend den nest høgaste fjelltoppen (2209 moh) i Australia. I følgje Messner-lista er Puncak Mandala (4760 moh) på Ny-Guinea det nest høgaste fjellet på det australske kontinentet.[1][5] Høgdene på fjelltoppar i Vest-Papua er målt unøyaktig og Puncak Trikora har vorte oppført som det nest høgaste fjellet på øya, men SRTM-data støttar Mandala som det høgaste.

Begge listene reknar Elbrus som det høgaste fjellet i Europa. Dette gjer Dykh-Tau (5205 moh) i Russland til det nest høgaste fjellet i Europa. Dei som reknar Mont Blanc for å vere det høgaste fjellet i Europa vil òg rekne Monte Rosa (4634 moh), i Sveits, som det nest høgaste.

Seven Second Summits (sortert etter verdsdel)
Bass
-lista
Messner
-lista
Fjell Høgd (moh) Verdsdel Land
Mount Kenya 5199 Afrika Kenya
Mount Tyree 4852 Antarktis N/A
Mount Townsend 2209 Australia Australia
Puncak Mandala 4760 Australasia Indonesia
K2 8611 Asia Pakistan, Kina
Dykh-Tau 5205 Europa Russland
Mount Logan 5959 Nord-Amerika Canada
Ojos del Salado 6893 Sør-Amerika Argentina, Chile
Territoriet er gjort krav på av Chile og Storbritannia. Dei fleste landa i verda anerkjenner derimot ikkje dei antarktiske territorialkrava.
Territoriet er gjort krav på av India.
Samanlikning av høgdene til Seven Second Summits med Seven Summits og 8000 m-fjella.

Vanskelegare enn Seven Summits endre

Fjellklatrarforfattaren Jon Krakauer skreiv i Into Thin Air [6] at det er ei langt større utfordring å klatre dei nest høgaste fjella i kvar verdsdel enn dei høgaste.

For K2 (8611 moh) i Asia må ein vere ein teknisk langt meir dugande fjellklatrar for å nå toppen enn for Mount Everest (8848 moh), medan høgdetilknytte faktorar som tynn luft, kraftig vind og låge temperaturar er mykje dei same.

For å nå toppen av Mount Kenya (5199 moh) må ein klatre, medan ein kan nå Kilimanjaro (5895 moh) utan tekniske vanskar.

I Nord-Amerika reknar somme kjelder Mount Logan som ein vanskelegare klatretur enn Mount McKinley, medan andre kjelder reknar dei som like vanskelege. Ingen av dei er derimot særleg bratte eller tekniske krevjande.[2].

I Sør-Amerika må ein krabbe eit stykke for å nå toppen av Ojos del Salado, medan ein berre kan gå til toppen av Aconcagua.[7]

I Europa er Dykh-Tau langt vanskelegare å klatre enn Elbrus.[8]

I Australasia er Mount Townsend på Bass-lista meir utfordrande enn Mount Kosciuszko, men ein kan nå begge til fots.[9] Den normale ruta til det høgaste fjellet på Messner-lista, Carstensz Pyramid, er teknisk krevjande (UIAA grad V+). Puncak Mandala er derimot ekstremt utfordrande med omsyn til å nå fram til sjølve fjellet, noko som er det største problemet for å klatre fjella på Ny-Guinea. Det er berre rapportert om to suksessfulle klatringar av desse fjella.[10]

I Antarktisk er Mount Vinson lite vanskeleg om ein ser bort frå dei normale utfordringane ved å vere i Antarktis, medan Mount Tyree krev teknisk krevjande klatring og er berre vorte klatra av ti personar totalt sidan det vart oppdaga.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Sjå til dømes listene på peaklist, peakbagger.com og gunungbagging.com
  2. Hans Kammerlander Website [1] Arkivert 2010-05-30 ved Wayback Machine. (tysk)
  3. Casimiro, Steve (6 January 2012). «Hans Kammerlander Completes "Second Seven Summits"». adventure journal. Arkivert frå originalen 19. juli 2013. Henta 4. mars 2013. 
  4. Bass, Dick; Frank Wells; Rick Ridgeway (1986). Seven Summits. Warner Books. ISBN 0-446-51312-1. 
  5. Fleire andre toppar ved Mount Carstensz utanom Carstensz Pyramid, som Ngga Pulu (4862 moh) og Carstensz East (4820 eller 4840 moh) er høgare enn både Mandala og Trikora, men fordi dei har låg skardhøgd (200-300 m) og dominans (2,2-2,6 km) vert ikkje desse rekna som eigne fjelltoppar i denne samanhengen.
  6. Krakauer, Jon (1997). Into Thin Air. Villard. ISBN 0-385-49208-1. 
  7. John Biggar: The Andes - A Guide for Climbers, ISBN 0-9536087-2-7
  8. Bender: Classic Climbs of the Caucasus
  9. Geehi Bushwalking Club: Snowy Mountains Walks ISBN 0-9599651-4-9
  10. Puncak Mandala at the gunung bagging website

Bakgrunnsstoff endre

Mal:Link FL