Severin L. Brandal

Severin L. Brandal (18471934) var son til Lars Anderson Bjåstad og gifta seg med Davide Pedersdatter Brandal. Dei tok over garden Øvrebø (omtalt som haugen) øvst i Yttredalen i Brandal. Severin var ein kjend fiskeskipper og seinare ishavsskipper. Han er likevel mest kjend som ishavspioner og var med på å legge grunnlaget for selfangsten frå Sunnmøre då han i 1898 førte "Nils Liaaen" på selfangst i Vesterisen. Ei tid reiste han land og strand rundt som «vandrelærer» og på vårparten i 1911 heldt han om lag 30 foredrag i «naust, sjøboder, kommunelokaler og bedehus», for å lære folk om tilverking av klippfisk og å stelle fisk. Blant anna for dette arbeidet fekk Severin diplom for «fortjenestefullt og energisk arbeide vedkommende fiskeribedrifter» frå «Selskapet for de Norske fiskeriers fremme», i Bergen i 1929. (frå Isflaket nr 3 2016)