Seyðisfjörður (uttala seydh-is-fjørdhur) er ein stad med ca. 800 innbyggarar som ligg aust på Island. Tettstaden og kommunen ligg inst i den 17 km lange fjorden Seyðisfjörður. Hovudnæringane er fiske, metallproduksjon og turisme.

Seyðisfjörður
bygd
Land  Island
Fylke Austurland
Areal 213 km²
Folketal 726  (2006)
Kart
Seyðisfjörður
65°15′00″N 14°01′00″W / 65.25°N 14.016666666667°W / 65.25; -14.016666666667
Wikimedia Commons: Seyðisfjörður

Seyðisfjörður er hamn for passasjer- og bilferja «Norröna», som sidan 1980 har bunde Island med Færøyane, Shetland, Danmark og Noreg. Ho legg til kai i Seyðisfjörður kvar torsdag i sommarperioden og kvar tysdag i vinterperioden.

Byen blei grunnlagt av norske fiskarar midt på 1800-talet. Den største tydinga for byutviklinga hadde det norske sildeeventyret i perioden 18701900. Nordmennene bygde fleire sildesalteri, bustadar, forretningar og offentlege bygningar. Mange av husa er bevart i nåtida og gir Seyðisfjörður eit historisk preg. Seyðisfjörður fekk kjøpstadsrettar i 1895.

Under andre verdskrig var Seyðisfjörður ein viktig flåtehamn for dei allierte. Byen var den fyrste på Island som fekk elektrisitet. Difor har byen au eit elektrisitetsmuseum.

Turisme endre

I ein liten dal i nærleiken av byen kastar elva Fjarðará fleire fossar ned i Lónið – (lagunen) inst i fjorden. Mot nordvest langs elva går hovudvegen over fjellområdet Fjarðarheiði, som er ein av dei mest storslåtte utsiktsvegane på Island.

Byen har eit kultursenter der turistane kan få eit innblikk i historia og kulturen til området. Heile året er det utstillingar av lokale og utanlandske kunstnarar.

Litt utanfor byen ligg Fjarðarsel energiverk, som er Nordens eldste kraftverk for vekselstraum. Verket, som blei oppført i 1913, produserer stadig straum og står nesten som da det blei bygd. Energiverket og utstillinga om historia til e-verket er opne for turistar.

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Seyðisfjörður