Shaftesbury er ein by i Dorset i England. Han ligg ved vegen A30, like ved grensa til Wiltshire, på Cranborne Chase. Han ligg over 200 moh. og er etter Ashmore den nest høgastliggjande busetnaden i Dorset og den einaste byen i grevskapet som ligg så høgt. Han er òg ein av dei eldste byane til landet. Turisme er ei av dei viktigaste inntektskjeldene for byen.

Shaftesbury

Gold Hill
Gold Hill
Gold Hill
Plassering
Shaftesbury is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Dorset
Distrikt North Dorset
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

6 665
Koordinatar 51°0′N 2°12′W / 51.000°N 2.200°W / 51.000; -2.200
Diverse annan informasjon
Postnummer SP7
Telefon-retningsnummer 0 1747
Commons har multimedium som gjeld: Shaftesbury

Det er utsikt her over Blackmore Vale, som elva Stour renn gjennom. Frå utsiktspunktet er det mogleg å sjå heilt til Glastonbury Tor i nordvest og Purbeck i sør.

Mange av dei eldste bygningane er bygde med lokal sandstein, medan andre er reist med kalkstein frå Chilmark, mykje av han henta frå Shaftesbury Abbey etter at klosteret vart nedlagt.

Byen er kjent for Gold Hill, ein bratt, brusteinsbelagt gate som er attgjeve på omslaget til ei rekkje bøker om Dorset og den engelske landsbygda. Ved toppen av gata ligg St. Peters kyrkje, som er ein av dei få bygningane frå før 1700-talet som står i byen. Andre attraksjonar er ruinane av klostret og Wardour slott.

Shaftesbury hadde ein av dei siste marknadene for levande dyr i Storbritannia fram til 2004, då det vart nedlagt. Det er seinare opna ein stort supermarknad på staden. Det blir enno halde ein vanleg marknad i byen kvar torsdag.

Forfattaren Thomas Hardy, som budde ein periode i distriktet, er inspirert av byen i fleire av verka sine, og ein kjenner han igjen i den fiktive byen hans Shaston.

Historie endre

Den dokumenterte historia til Shaftesbury byrjar i angelsaksisk tid, men han vart grunnlagt tidlegare. Ein del identifiserer han med den keltiske byen Caer Palladur. Alfred den store grunnla ein festningsby (burgh) på staden i 880 for å forsvare området mot danane. Han grunnla saman med dottera Ethelgiva Shaftesbury Abbey i 888, noko som auka prestisjen til byen. Det vart etterkvart det rikaste klostret for benediktinarnonner i England. Athelstan grunnla tre kongelege myntverkstader, som slo mynt med bynamnet.

Kong Knut den store døydde her i 1035. I same hundreåret blir byen nemnd i Domesday Book (1086) som Scaepterbyrg. Han var då ått dels av krona og dels av klostret. Edvard Martyren vart gravlagt i klosteret, som difor tiltrekte seg pilegrimar frå alle delar av landet.

I 1240 vitja kardinal Otto, som legat for pave Gregor IX, klostret og stadfesta charteret frå 1191. I 1260 fekk byen rett til å halde marknad, og i 1392 gav Richard II løyve til å ha to marknader på forskjellige dagar kvar veke. Innan 1340 hadde vervet som borgarmeister vorte eit viktig embete, og den som vart vald vart innsett av forvaltaren til abbedissa.

Den siste abbedissa, Elizabeth Zouche, signerte ei overgjeving i 1539, då klostervesenet vart oppløyst i samband med reformasjonen. Klosteret vart rive og eigedomane vart selde.

Frå 1296 til 1832 valde Shaftesbury to parlamentsmedlemmer. I reformloven av 1832 vart dette redusert til éin, og i 1884 vart valkretsen innlema i eit større område.

Under borgarkrigen var borgarane for det meste tilhengarane av parlamentarianarane, men rojalistane kontrollerte byen. Wardour slott fall til parlamentarianarane i 1643, og i august 1645 vart byen omringa. Han var då eit sentrum for Clubmen. Desse vart arresterte og stilte for retten i Sherborne. Under Monmouthopprøret i 1685 tok ikkje borgarane side.

Dei fleste av dei gamle bygningane har gått tapt, mange av dei gjennom byplanlegging. Blant anna vart dei gamle laugshallane rivne for å gje plass til ei breiare hovudgate; eit nytt rådhus vart reist i 1827.

På 1700- og 1800-talet var knappemakeri og veving dei viktigaste næringsvegane. Knappeindustrien fall snart bort på grunn av mekanisering, noko som førte til arbeidsløyse og emigrasjon.

Ettersom fem gamle hovudvegar møttest ved Shaftesbury, var det god handelen med transportvogner. Men då jarnbana kom, vart ho lagt utanom bye, noko som første til at han stagnerte.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre