Shetlandsøyane

øygruppe nord for Skottland

Shetlandsøyane er ei øygruppe på 32 øyar nord for Skottland. Øyane kan verta omtala berre som «Shetland» eller «Zetland», det norrøne namnet var Hjaltland. Shetlandsøyane ligg mellom Orknøyane og Færøyane, med eit samla areal på 1466 km². Det administrative senteret er Lerwick (som er ein engelsk versjon av det gamle namnet Leirvik), som ligg på hovudøya Shetland Mainland med ferjesamband til Orknøyane og Skottland.

Shetland
Sealtainn
Geografi
Areal
1 466 km²
Administrasjonsstad
Lerwick
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

22 000
15 /km²
Satellittbilde av Shetlandsøyane. Kjelde: NASA.
Dei hardføre shetlandsponniane får lengre hår om vinteren.

Shetland er òg ein av 32 regionar i Skottland og eit tidlegare grevskap.

Geografi og naturtilhøve endre

 
Berg ved Eshaness i nordlege Mainland

Shetland strekkjer seg frå 59'51°N til 61°N og '45°V til 1'45°V. Den nordlegaste øya Unst ligg på line med Anchorage i Alaska, Bergen, St. Petersburg i Russland og den sørlege delen av Grønland. Frå hovudstaden Lerwick er det kortare avstand til polarsirkelen enn til hovudstaden i Storbritannia, London. Det er òg kortare veg til jarnbana i Bergen enn jarnbana i Aberdeen. Frå nord til sør på Shetland er det 150 km og frå aust til vest er det 75 km. Kystlina er på 1450 km.

Landskap endre

Sentrale og vestlege Mainland er prega av sund, innsjøar og tradisjonelle smågardar. Langs kysten ligg landsbyane Whiteness, Weisdale, Aith og Walls. I denne delen av Shetland ligg Tingwalldalen som i den norske perioden var sete for eit årleg parlament kalla Allting, som vart halde på Lawting Holm i innsjøen Tingwall Loch. Kystlina nord på Mainland er prega av takkete, svarte berg, steinhaugar, skjer og blåsehol. Den smale halvøya som strekkjer seg 40 km sør frå Lerwick er kjend som sørlege Mainland. Landskapet er prega av sjøfuglkoloniar, og området har ein stor konsentrasjon av arkeologiske funnstader.

Øya Yell er prega av forblåsne heiar. Unst er den nordlegaste folkesette øya i Dei britiske øyane og har store berg, lyngheiar og ferskvassjøar, og ein subarktisk steinørken. Hermaness naturreservat ligg på denne øya.

Fetlar er kjend som Shetlands hage. Namnet kjem truleg frå norrønt og tyder Fettland på grunn av dei fruktbare beita og det gode, dyrkbare landet.

Øya Noss, som ligg på austsida av Bressay, er eit nasjonalt naturreservat og har store sjøfuglkoloniar om sumrane.

Foula, som tyder fugleøya på norrønt, har vorte utpeikt som eit særskild verneområde for fuglar og har den største samlinga av storjo i verda. Berga på Foula er dei høgaste på Shetland med høgder på opp til 360 meter.

Den mest fjerntliggjande av Shetlandsøyane, Fair Isle, (Fridarey - Fredsøya) er kjend for sine strikkeprodukt og for sine store sjøfuglkoloniar med sjeldne trekkfuglar kvar vår og haust.

Landskapet på Out Skerries er sprokne berg, steinhaugar, bukter og strender. Papa Stour ligg vest for Mainland og har same landskap som Out Skerries.

Whalsay (Kvaløya) var eit fiskarsentrum før, og er det framleis. Det har budd menneske her i meir enn 4000 år, og det er mange viktige restar etter dei spreidde over øya, inkludert "Standing Stones" (megalittiske monument).

Øyar endre

 
Kart over Shetland

Øygruppa har omkring 100 øyar og holmar, der berre 15 er busette og Mainland den mest folkerike.

Andre busette øyar i hovudøygruppa
Busette øyar utanfor hovudøygruppa
Nokre folketomme øyar

Klima endre

 
Sandtombolo mellom Mainland og St. Ninian's Isle

Shetland har eit temperert atlanterhavsklima, som medfører at sumrane i regelen er yre, lyse og kjølige. Dei mest solfylte månadene er perioden frå april til august, og har på det meste 19 timar med sollys i løpet av eit døger. Vintrane er mørke og milde, og talet på soltimar per dag er under seks.

Normal årleg nedbør er 1037 mm, som er halvparten av Fort William på vestkysten av Skottland. 3/4 av nedbøren kjem om vinteren. Den turraste perioden er frå april til august, og skodde er vanleg på austkysten av Mainland om sumaren.

Gjennomsnittstemperatur i kaldaste månad[1] 4,9 °C (februar)
Gjennomsnittstemperatur i varmaste månad 14 °C (august)
Dagar i året med kuldegrader 33 dagar
Årleg nedbør 1037 mm
Dagar i året med snøfall 70 dagar
Nedbørdøger i året 269 døgn

Klimatabell for Lerwick:

Måned Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Maks. temperatur °C 4 4 6 9 12 13 15 15 12 10 7 5 9,3
Min. temperatur °C 1 0 1 3 5 7 9 9 7 5 2 1 4,1
Soltimar per dag 1 2 3 4 5 6 6 5 4 2 1 0 3,2
Regndøger per månad 22 19 16 15 14 15 16 17 18 20 23 21 216
Havtemperatur °C 5 5 5 6 7 9 11 12 11 10 8 6 8

Flora endre

 
Myrull.

Landskapet på Shetland er prega av sauer som beiter og få tre. Plantelivet på Shetland er prega av arktisk-alpine planter, villblomar, bladmosar og lav. Landskapet på nordlege Mainland og Unst er prega av fjellmark, der vegetasjonen er sparsam og dominert av stein. Plantene som veks her er jamnast arktiske og nokre er stadeigne, slik som Cerastium nigrescens var. nigrescens.

Rundt halvparten av Shetland er dekt av torv, nokre stader opp til over ein meter tjukk. Desse områda er jamnast våtmark og manglar næringsstoff, slik at berre eit fåtal planteartar har vekstgrunnlag. Døme på slike planter er myrull, rome, blåfjør og tepperot.

Fauna endre

Shetland har nokre av dei største fuglekoloniane i Nord-Atlanteren og over ein million fuglar frå 21 sjøfuglartar hekkar i øygruppa kvar sumar. Dei fleste held til i store koloniar på Hermaness, Foula, Mousa, Noss, Sumburgh Head og Fair Isle. Nokre av fuglane er havsule (54 000), lomvi (175 000), lundefugl (200 000), havhest (360 000), stormsvale, vipe og gjerdesmett. Mange arktiske fuglar overvintrar på Shetland, mellom anna songsvane og islom.

 
Havhesten er den mest vanlege fuglen på Shetland.

Det er store koloniar av havsule, lundefugl og andre alkefuglar på Noss og Hermaness og nokre mindre på Foula og Fair Isle. Mange av den aggressive fuglen storjo og eit mindre tal av tjuvjo hekkar på Hermaness og Foula. Setnaden av raudnebbterne har i dei seinare åra gått ned, men når fuglane kjem, reknar øybuarane det som eit signal om at sumaren er komen.

Andre vanlege fuglar er måse, ærfugl og skarv, men desse setnadene er små i høve til havhestsetnaden på 360 000. Stormsvale hekkar i store koloniar på Mousa.

Etter at hekkesesongen er avslutta, vert fuglekoloniane tomme, ternene dreg sørover, medan alkene og svalene dreg til havs.

Sjøfuglsetnaden har i dei seinare åra auka både i talet på individ og talet på artar, som til dømes havsule, havhest, storjo og alkefuglar. Nokre arter har likevel gått attende, som til dømes terner og krykkje.

Alle landpattedyra på Shetland er introduserte av mennesket. Ein reknar med at oter, skogmus og husmus kom til øyane med dei fyrste norske busetjarane. Alle andre landpattedyr, utanom brunrotte er innført i løpet av dei siste hundreåra.

Kval er eit vanleg syn langs kysten med nise som den mest vanlege arten. Større kvalar ser ein ved ytterkanten av kontinentalsokkelen og desse kan koma inn mot land om sumaren, særleg ved Sumburgh Head. Dei mest vanlege artane av større kvalar er vågekval og knølkval som fylgjer straumen av makrell og sild. Delfinar av typen kvitskjeving (Lagenorhynchus acutus), kvitnos (Lagenorhynchus albirostris), rissodelfin (Grampus griseus) er ofte sett langs austkysten, samt at fleire flokkar av spekkhoggarar har fast tilhald rundt øygruppa.

 
Steinkobbe er eit av tre pattedyr som føder på Shetland.

Otrane held for det meste til på folketomme stader og setnaden utgjer 800 individ. Strendene på Shetland og dei skjerma sunda er tilfluktsstader for både gråsel og steinkobbe. Selsetnaden er på 3500 gråsel og 6200 steinkobbe. Dei største koloniane for steinkobbe er på Mousa og utanfor Lerwick, medan gråselen held til på folketomme øyar der den største kolonien er på Ve Skerries. Saman med niser er selane dei einaste sjøpattedyra som føder på Shetland. I tillegg har Shetland den største setnaden av oter i Storbritannia, der dei fleste held til på Yell.

Shetland har fleire stadeigne og sjeldne rasar, slik som shetlandsponni, shetlandsku, shetlandsgås, shetlandsand og shetlandssau. Setnaden av shetlandssau utgjer over 330 000 og finst i 50 fargevariasjonar.

Sølvfisk finst langs kysten, spesielt ved dei mange skipsvraka ved Shetland. I tillegg er det delfinar og spekkhoggarar langs kysten, spesielt på sørspissen av Mainland.

Folkesetnad endre

 
To damer med shetlandsponni. Biletet er teke i 1900 på Shetland

Shetland hadde ein folkesetnad før piktarane kom til øyane, men det er lite ein veit om denne folkegruppa. Historiske, arkeologiske og lingvistiske tilhøve og stadnamn indikerer ein sterk norrøn kulturell dominans på øyane i vikingtida[2]. Det er ukjent om piktarane vart tekne opp i den norrøne folkesetnaden eller drivne bort. Nokre få stadnamn kan ha piktarisk opphav, men dette er omstridd. Fleire genetiske undersøkingar er gjorde på dagens folkesetnad for å søkja å finna opphavet deira. Øyfolket har tilnærma identiske delar av skandinaviske mannlege og kvinnelege genar (44%), noko som tyder på at øyane vart folkesett av både skandinaviske menn og kvinner. Desse funna gjeld òg for Orknøyane og den nordlege og vestlege kysten i Skottland. Stader på dei britiske øyane som ligg lenger frå Skandinavia enn Shetland og Orknøyane viser teikn til å vera koloniserte av skandinaviske menn som stifta familie med lokale kvinner.[3]

Etter at Shetland vart overført til Skottland emigrerte tusenvis av skotske familiar til øyane på 1500- og 1600-talet. Kontakt med tyskarar og nederlendarar gjennom fiskehandelen førte til ein mindre immigrasjon frå desse landa. Den andre verdskrigen og funn av olje har òg ført til auke i folketalet på grunn av immigrasjon.[4]

Folketalsutvikling endre

Folkeveksten på Shetland har i tidlegare tider vorte påverka av dødsfall på sjøen og epidemiar. Kopper råka øygruppa hardt på 1600- og 1700-talet. Men etter at vaksinering vart utbreidd etter 1760, auka folketalet til 40 000 i 1861. Folkeauken førte til mangel på mat og mange unge menn drog ut for å tenestgjera i den britiske handelsflåten. 100 år seinare var folkesetnaden på øyane meir enn halvert. Folketalsnedgangen skuldast at mange av dei mannlege innbyggjarane på Shetland omkom i torpederte handelsfartøy under dei to verdskrigane og at mange utvandra på 1920- og 1930-talet. Det er no fleire med shetlandsk bakgrunn som bur i Canada, Australia og New Zealand enn på Shetland.

Distrikt Folkesetnad 1961 Folkesetnad 1971 Folkesetnad 1981 Folkesetnad 1991 Folkesetnad 2001
Bound Skerry (& Grunay) 3 3 0 0 0
Bressay 269 248 334 352 384
Bruray 34 35 33 27 26
East Burra 92 64 78 72 66
Fair Isle 64 65 58 67 69
Fetlar 127 88 101 90 86
Foula 54 33 39 40 31
Housay 71 63 49 58 50
Mainland 13 282 12 944 17 722 17 562 17 550
Muckle Flugga 3 3 0 0 0
Muckle Roe 103 94 99 115 104
Noss 0 3 0 0 0
Papa Stour 55 24 33 33 25
Trondra 20 17 93 117 133
Unst 1 148 1 124 1 140 1 055 720
Vaila 9 5 0 1 2
West Burra 561 501 767 817 753
Whalsay 764 870 1031 1041 1034
Yell 1155 1143 1191 1075 957
Totalt 17 814 17 327 22 768 22 522 21 990

Kjelde: Scottishislands.org.uk Arkivert 2010-06-18 ved Wayback Machine., 18. november 2006

Busetnadsmønster endre

På den austlege delen av hovudøya Mainland ligg den einaste byen i øygruppa, Lerwick. Åtte kilometer vest for Lerwick ligg den gamle hovudstaden på Shetland, Scalloway, som er dominert av det gamle slottet med same namn. Fem kilometer sør for Scalloway ligg fiskarlandsbyen Hamnavoe.

På den vestlege delen av Mainland ligg tettstadene Walls, Sandness, Sandwick, Aith og Voe. På den nordaustlege delen av Mainland ligg tettstaden Vidlin.

På øya Unst ligg tettstadene Haroldswick, Baltasound og Uyeasound.

Samfunn endre

Lokalstyre endre

Shetland vert administrert av Shetland Islands Council (SIC), som mellom anna har ansvaret for miljø, vegar, sosialtenester, renovasjon, brannvesen og hamnevesen. SIC har rett til å krevja inn council tax. SIC har 22 folkevalde. Dagens råd er sett saman av 19 menn og 3 kvinner.

Shetland vart frå 2007 delt opp i sju valkrinsar, mot tidlegare 22. Hovudøygruppa er delt inn i fire valkrinsar (Nord-, Sør-, Vest og Aust-Shetland) der alle har tre mandat kvar, i tillegg er hovudstaden delt inn i to valkrinsar med totalt sju mandat. Den siste valkrinsen er øyane som ikkje ligg i hovudøygruppa, denne har òg tre mandat.

Kostnadene til SIC, som omfattar alle kostnadene til offentlege tenester på Shetland, var for året 2005/2006 £ 182 millionar. Inntektene frå avgifter, council tax og overføringar frå Scottish Executive utgjorde £ 130 millionar. Skilnaden på £ 52 millionar vart dekt opp av avkasting og overføringar frå ulike oljefond på Shetland.

Dei største kostnadene er knytt til utdanning, sosial- og omsorgstenester, vegar og transport og drift av oljeterminalhamna i Sullom Voe.

31. mars 2006 var oljefondet til Shetland på £ 292 millionar, tilsvarande £ 13 000 per innbyggjar (163 000 kroner per innbyggjar). Den økonomiske retningslina til rådet er at fondet aldri skal koma under £ 250 millionar. Oljeinntektene har m.a. ført til at mange lokalsamfunn på øyane har nye og velutstyrte "leisure centers", dvs. bygg med symjebasseng, lokale for scenekunst og andre aktivitetar.

Rettsvesen endre

 
Side frå Magnus Lagabøte si landslov. Eksemplar frå ca.1590. Med løyve frå Riksarkivet.

Det er meir enn 500 år sidan Orknøyane og Shetland vart overførte frå norsk til skotsk herredøme, men øyane er framleis prega av ei norrøn odelslovgjeving, Udal law, som kan førast heilt attende til 1200-talet eller før[5]. Historisk forsking har vist at Udal law har opphavet sitt i sedvanar og rettsreglar som kan førast tilbake til Gulatingslova og den norske kongen Magnus Lagabøte si landslov frå 1200-talet.

Først i 1611 vart Udal law for det meste avskaffa og skift ut med den skotske lovgjevnaden. Dei norrøne lovene som regulerte eigedomsretten til jord har etterlate seg spor heilt opp til våre dagar, mellom anna ved at eigedomsretten til strandlina og strandsona er regulert annleis på Orknøyane og Shetland enn i resten av Storbritannia. I Storbritannia gjeld prinsippet om at området mellom høg- og lågvatn høyrer til staten eller krona, men tidleg på 1900-talet slo den skotske høgsteretten fast at i Shetland høyrer dette området til den tilgrensande grunneigaren[6].

På midten av 1970-talet skulle oljeselskapet Occidental Petroleum byggja ei oljerøyrleidning til Flotta og hadde betalt for rettane til bygging av oljerøyrleidninga til Crown Estate. Grunneigarane tok saka til retten og vann denne med vising til Udal law[7].

Den norrøne lovgjevnaden vart siste gong trekt opp til skotsk høgsterett i 1990, etter ein strid om eigedomsretten til havbotn i samband med den voksande oppdrettsnæringa. I denne saka tapte oppdrettsnæringa, då høgsteretten meinte at den skotske suvereniteten i dette tilfellet hadde førerang føre Udal Law.

Eigaren av Forewick Holm, Stuart Hill, hevdar at Skottland aldri har hatt formell rett til å ta over øyane og innføra skotsk lov. Han har difor erklært holmen sin for sjølvstendig for å setja fokus på dette kravet.

Skotsk lov, som i dag er lova på Shetland, er eit system med røter både i oldtida og i romersk lov, og kombinerer eigenskapar frå ei borgarlov som vert datert tilbake til Corpus Juris Civilis og ei ålmenn lov som har kjelder i mellomalderen. Vilkåra for Unionstraktaten med England i 1707 garanterte framleis eksistens av eit separat lovsystem i Skottland.

Skotsk lovverk har tre former for domstolar: sivile, kriminal- og heraldiske domstolar. I dei sivile domstolane er høgsteretten (High Court of Justiciary) den øvste og avgjerande kriminaldomstolen. Fylkesdomstolen (Sheriff Court) er hovuddomstolen for sivile og kriminelle rettstvistar. Det er 60 av desse over heile landet og på Shetland er denne lokalisert i Lerwick. Distriktsdomstolar vart introduserte i 1975 for mindre lovbrot. Den heraldiske domstolen (Court of the Lord Lyon) regulerer heraldiske spørsmål i Skottland.

Samferdsel endre

 
Fly frå Loganair på Fair Isle, ei øy midtvegs mellom Orknøyane og Shetland

Northlink Ferries opererer eit ferjesamband frå Lerwick til Aberdeen på det skotske fastlandet. Hovudflyplassen på Shetland ligg ved Sumburgh, 40 km sør for Lerwick. Loganair flyg under British Airways til det britiske fastlandet sju gonger dagleg. Destinasjonane er Kirkwall, Aberdeen, Inverness, Glasgow og Edinburgh. I sumarmånadene er det òg flygingar til London (Stansted) og Færøyane med det færøyske flyselskapet Atlantic Airways. Tidlegare hadde Widerøe ei sumarrute frå Bergen, men ho er lagd ned (2007).

Loganair flyg òg til øyar i øygruppa frå Tingwall flyplass 11 km vest for Lerwick. Destinasjonane er Fair Isle, Foula og Out Skerries.

Utdanning endre

På Shetland er det i dag totalt 34 skular, av desse er to vidaregåande skular, sju ungdomsskular og 25 barneskular. På skulane må elevane bruka skuleuniform og varme måltid vert serverte. Born av foreldre som er økonomisk vanskelegstilte kan søkja om å få gratis skuleklede og -mat[8].

I tillegg har alle born mellom tre og fire år krav på førskuleplass. Førskulen er finansiert av dei lokale styresmaktene og er jamnast sam-lokaliserte med anten ein barne- eller ungdomsskule.

Skuleetaten fekk i 2001 støtte av EU for å starta eit prosjekt saman med Utdanningsdepartementet i Bremen, (Tyskland), Institutt for utdanning i Trieste (Italia) og Ovieda-universitetet i Spania. COSPRAS-prosjektet tar sikte på å få foreldra til å erobra ei meir aktiv rolle for å få til eit betre undervisningstilbod[9]. Hamnavoe barneskule var den fyrste forsøksskulen som starta opp med den nye undervisningsplanen i september 2004 og han deltok i prosjektet i tre år[10].

Media endre

Shetland har to lokalaviser, Shetland News og Shetland Times. Shetland Times vart skipa i 1872 og kjem ut kvar fredag med eit opplag på 11 273. Shetland News vert berre publisert på internett og vart lansert i 1996. Shetland har òg to lokale radiostasjonar, Radio Shetland og SIBC. Radio Shetland høyrer til BBC og SIBC er ein lokalt ått radiokanal som starta opp 26. november 1987.

Språk endre

 
Jakob Jakobsen var ein færøysk språkforskar og sentral i å dokumentere Norn

Det tydelegaste sporet etter norsk kultur på Shetland er språket. Nesten alle stadnamn som framleis er i bruk kan sporast attende til gamalnorsk[11]. Folket på øyane snakka lenge sin eigen versjon av norrønt, norn. Språket overlevde fram til 1700-talet i ein modifisert form, då det vart trengt bort av innflyttarar frå Skottland. Norn vart snakka på Shetland i hundrevis av år, men det er ikkje mange skriftlege dokument på norrønt som vi kan vita heilt sikkert er skrivne på Shetland. Difor er norn litt vanskeleg å utforska og skilja frå andre former av norrønt.

Norn er no eit utdøydd språk, men shetlandsk, dvs. den shetlandske varianten av skotsk, inneheld framleis mange ord frå norrønt. I tillegg er låglandsskotsk og engelsk vanlege talemål på øyane i dag.

Døme på Fader vår på norn frå Shetland:

Fy vor or er i Chimeri. Halaght vara nam dit.
La Konungdum din cumma. La vill din vera guerde
i vrildin sinda er i chimeri.
Gav vus dagh u dagloght brau.
Forgive sindor wara
sin vi forgiva gem ao sinda gainst wus.
Lia wus ikè o vera tempa, but delivra wus fro adlu idlu.
For do i ir Kongungdum, u puri, u glori, Amen.

Korleis Hjaltland vart til Shetland endre

 
Detalj av eit hjalt.

Det opphavlege namnet for Shetland var Hjaltland. Namnet er eit samanlikningsnamn, forma på øygruppa minner om eit hjalt, handtaket på eit sverd eller tverrstanga mellom handtaket og sjølve sverdet. Først gjekk ja over til je som i norrønt hjalpa, no hjelpa. Så vart lydsambandet hj- uttalt sj-. Jamfør at ordet hjå (bokmål: «hos») vert uttalt sjå i nokre dialektar og at Hjerkinn i Dovre i Gudbrandsdalen heiter Sjerkjinn. Til sist fall l-en bort føre t-en[12].

Flagg endre

 
Shetlands flagg

Roy Grönneberg stifta den lokale avdelinga av SNP (Scottish National Party) i 1966 og var aktiv i kampen for auka autonomi for Shetland. I 1969 utforma han flagget til Shetland saman med Bill Adams, for å markera 500-årsdagen for overføringa av Shetland frå Noreg til Skottland[13].

Bakgrunnen for utforminga til flagget var ynsket om å syna at Shetland har vore ein del av Noreg i 500 år og ein del av Skottland i 500 år. Fargane åt flagget er identiske med det skotske flagget, men utforminga er som ein nordisk kross. Flagget åt Shetland er identisk med det tidlegare uoffisielle flagget til Island (hvítbláinn), som vart nytta av islandske nasjonalistar frå 1890-åra til tida omkring den fyrste verdskrigen.

I 1975 vart dei to lokale styresmaktene på Shetland, Lerwick Town Council og Zetland County Council, slegne saman til Shetland Islands Council. Grönneberg ynskte at flaggframlegget hans skulle verta det offisielle flagget til Shetland, men vann ikkje fram. Heller ikkje ei folke-røysting i 1985 førte fram. Flagget vart godkjent som offisielt flagg av Lord Lyon i «The heraldic authority of Skottland» i byrjinga av 2005.

Næringsliv endre

 
85% av fangsten (67 000 tonn) på Shetland er sild og makrell og utgjer 52% av fangstverdien. Hyse, torsk og breiflabb oppnår høgare prisar og utgjer resten av fangstverdien, sjølv om desse fiskesortane utgjer 15% av fangsten. På bilete: makrell.

På grunn av klimaet har Shetland ikkje vore sjølvberga med jordbruksvarer, og handel med den råvara øyane har mykje av, fisk, har vore der til alle tider. Etter tilbakegangen til vikingane kom fire hundreår der Shetland selde den salta fisken sin til omverda via hansakjøp-mennene i Bergen, Bremen, Lübeck og Hamburg. Kvar sumar fram til den økonomiske krisa på slutten av 1600-talet henta hanseatane ut skip lasta med salta torsk og lange og tilførte øybuarane kontantar, korn, klede, øl og andre varer i byte.[14]

Før 1971 var næringslivet heilt dominert av dei naturlege, fornybare ressursane til Shetland. Dei viktigaste næringane var fiske og fiskeindustri, småbruk og sauehald, tekstilindustri og husflid, med strikking som dominerande yrke. Kombinasjonsnæringar har ein særs sterk posisjon og vanlegvis er småbruk kjernen i yrkeskombinasjonar. Somme kan ha opptil fire til fem ulike inntektskjelder.[15]

 
Oljeplattform i Nordsjøen

På same tid som det vart funne olje og gass på norsk sokkel, fann ein òg dette aust for Shetland. Austshetlandsbassenget er eit av dei største oljefelta i Europa og olja herifrå vert send til oljeterminalen i Sullom Voe (norrønt: Solheimvágr). Sullom Voe-terminalen opna i 1978 og er den største oljeeksporthamna i Storbritannia med eit volum på 25 millionar tonn årleg. Skatteinntektene frå oljeverksemda har ført til auka satsing på sosial velferd, kunst, sport, miljøtiltak og vidare økonomisk utvikling. Tre firedelar av arbeidsstyrken på øygruppa arbeider i sørvissektoren. Men sjølv om olje utgjer 15% av økonomien til øygruppa, £ 116 millionar årleg, så genererer fiskeindustrien dobbelt så store inntekter og sysselsetter tre gonger så mange[16].

Hovudnæringsvegane i dag er jordbruk, akvakultur, fiske og petroleumsverksemd. Jordbruket er knytt til saueavl og dyrking av havre og bygg.

Næringslivet er lite variert og det er til dømes ikkje skipsverft eller skipsbyggeri på øygruppa. For større reparasjonar må fiskeflåten gå anten til det britiske fastlandet, Noreg, eller til kontinentet. Berre 10% av fangsten frå felta utanfor Shetland vert teken opp av shetlendarar.[15]

Frå 1980-talet har arbeidsløysa vore under fem prosent,ho var i 2004 to prosent, men prissvingingane i marknaden for oppdrettslaks og kvitfisk fanga av trålarar fører til svingingar i arbeidsløysa frå sesong til sesong.

Historie endre

Shetland har vore busett sidan 3000 f.Kr. Folkesetnaden levde av kveg- og landbruk og bygde megalittiske monument. Omkring år 297 e.Kr. fortel romerske skrifter om det keltiske folket piktarar, som på 800-talet vart drive bort av vikingane.

På slutten av 800-åra endra vikingane fokus frå plyndring til kolonisering. Endringa skuldast at Noreg byrja å verta overfolka etter målestokken på den tida og tilgjenget til ledige naturressursar og dyrkbar jord minka. Skipa deira frakta no i tillegg nybyggjarar og naudsynt utstyr for å byrja på nytt ein annan stad. Vikingane drog til Orknøyane, Hjaltland, Island og Grønland og seinare òg til Vinland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet og nybyggjarane slo seg ned der med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut fyrst på 1800-talet.

Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flydde mange av motstandarane hans og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som basar, dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

 
Etter å ha forsvart Hebridane, døyr Håkon IV Håkonsson i Kirkwall same år.
Bilete frå Flateyjarbók

Strid med Noreg endre

I 1194 då kong Sverre Sigurdsson var konge i Noreg og Harald Maddadsson var jarl over Orknøyane og Shetland, samla lendmannen Hallkjell Jonsson og svogeren til jarlen, Olav, ein hærstyrke som vart kalla øyskjeggane (eyjarskeggjar) på Orknøyane og sigla mot Noreg. Opprøret vart slege ned og Sverre tok jarldømet over Shetland frå Harald jarl og la det direkte under den norske trona. Makta til jarldømet var kraftig svekt og det vart dimed trekt nærare under skotsk påverknad. Skottland låg knappe 16 km unna Orknøyane og Harald Maddadsson kjempa for å halda på sjølvstendet sitt.

Auka skotsk interesse endre

Aleksander III av Skottland fylte 21 år i 1262 og vart myndig, kynte han at han hadde ynske om å halda fram politikken andsynes dei vestlege og nordlege øyane som far hans hadde byrja, men som hadde stogga då han døydde 13 år tidlegare. Han sende eit formelt krav til den mektige norske kongen Håkon Håkonsson. At Håkon døydde i 1263 hindra vidare norsk ekspansjon i Skottland.

Kong Magnus Lagabøte braut med ekspansjonspolitikken til far sin. Han innleidde fredstingingar med kong Aleksander. Ved Perthtraktaten i 1266 oppgav kong Magnus dei mest fjerntliggjande norske områda og gav frå seg øya Man i Irskesjøen og Sudreyar (Hebridane) til Skottland for 4000 mark sterling og mot ei årleg avgift på 100 mark (som skottane snart lét vera å betala). Som motytingar vart det norske herredømet over Orknøyane og Hjaltland respektert av Skottland. Magnus ville ha fred med Skottland for å kunna oppfylla krav i ein ny handelstraktat med England. I 1223 kravde engelskmennene at Noreg slutta fred med Skottland. I 1269 vart avtala utvida til gjensidig frihandel.

 
Kong Kristian I pantsette øyane som betaling av medgift.

I 1397 vart Noreg ein del av Kalmarunionen. Etter kvart kom Noreg under dansk overherredøme. Kong Kristian I var i pengenaud og då dotter hans, Margaret, i 1468 vart trulova med Jakob III av Skottland trong han pengar til betaling av medgift. Utan at det norske riksrådet visste om det, inngjekk han 8. september 1468 ein kontrakt med skottekongen om pantsetjing av Orknøyane for 50 000 rhinske gylden og 28. mai året etter Shetland for 8000 rhinske gylden. For å vera på den sikre sida sytte han for ein klausul om innløysingshøve for framtidige norske kongar. Fleire kongar av dobbeltriket prøvde på 1600- og 1700-talet fånyttes å innløysa øyane, men vart kvar gong avvist.

Hansatida endre

Etter vikingtida kom fire hundreår der Shetland selde varene sine til omverda via Hansaen i Bergen, Bremen, Lübeck og Hamburg. Hanseatane henta ut skip lasta med salta torsk og lange og tilførte øybuarane kontantar, korn, klede, øl og andre varer i byte. Denne handelen varte fram til unionsavtalen mellom Skottland og England i 1707 då hansaen ikkje lenger fekk løyve til å handla med Shetland. Som fylgje av utestenginga av hanseatane gjekk Shetland inn i ein økonomisk depresjon, då skottane og dei lokale kjøpmennene ikkje var like dyktige i saltfiskhandel. For dei sjølvstendige bøndene på Shetland førte den økonomiske depresjonen til at dei kom inn i ein negativ spiral.

Den andre verdskrigen endre

Under den andre verdskrigen vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert av SOE, Norwegian Section, hausten 1940 med base i Scalloway på Shetland, for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde sigla over. Ein del av desse skøytene vart no leigde og norske fiskarar vart verva som friviljug mannskap. Shetlandsgjengen sigla i løynde oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsytingar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende personen Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen) var skipper for 52 av turane[17].

Shetland i dag endre

I same tidsperiode som det vart funne olje og gass på norsk sokkel, fann ein òg dette utanfor Shetland. Austshetlandsbassenget er eit av dei største oljefelta i Europa og olja som vert vunnen ut her vert send til oljeterminalen i Sullom Voe (norrønt: Solheimavagr). Sullom Voe-terminalen opna i 1978 og er den største oljeeksporthamna i Storbritannia med eit volum på 25 millionar tonn årleg.

Shetland har ein unik folkerettsleg situasjon i og med historia som pantsett frå Noreg og teken opp i det skotske territoriet, som no er ein del av Storbritannia. Mange har stilt spørsmål ved kva rettsstilling øyane skal ha under krona og det britiske statsstyret, men den fyrste som verkeleg har sett saka på kartet, er Stuart Hill. Han erklærte 21. juni 2008 den vesle Forewick Holm ved Papa Stour for sjølvstendig[18], ved å visa til den spesielle og uavklarte statusen til øyane. To år seinare, 21. juni 2010, erklærte han og eit tjuetals sympatisørar heile Shetland for sjølvstendig[19].

Kjelder endre

  1. Shetlands turistbyrå Arkivert 2007-03-07 ved Wayback Machine., 8. november 2006
  2. Jones G. (1984) A History of the Vikings Oxford University, Forlag: Oxford.
  3. Artikkel i Nature: Genetic evidence for a family-based Scandinavian settlement of Shetland and Orkney during the Viking periods
  4. Visit Shetland si side om folkesetnaden, arkivert frå originalen 7. januar 2010, henta 22. mars 2010 
  5. Senter for grunnforskning ved Det Norske Videnskaps-Akademi, Informasjonsblad nr. 1 side 4, utgjeven i mars 2003
  6. Senter for grunnforskning ved Det Norske Videnskaps-Akademi, Informasjonsblad nr. 1 side 4, utgjeve i mars 2003
  7. The Scotsman: Norse Landing
  8. Shetland Islands Counsil si side om utdanning, arkivert frå originalen 3. mai 2012, henta 22. mars 2010 
  9. Shetland Islands Councils side om COSPRAS-prosjektet, arkivert frå originalen 16. januar 2017, henta 22. mars 2010 
  10. Hamnavoe barneskule si heimeside
  11. Julian Richards, Vikingblod (2002), side 236, Hermon Forlag, ISBN 82-302-0016-5
  12. Språkrådet: Stadnamn på -a, hjalt, Leirvik, vin i stadnamn
  13. Flags of the World si side om flagget til Shetland
  14. Visit Shetland si historieside, arkivert frå originalen 17. august 2007, henta 22. mars 2010 
  15. 15,0 15,1 Oljedirektoratet - Shetland og oljeverksemda
  16. Visit Shetland si økonomiside, arkivert frå originalen 1. desember 2009, henta 22. mars 2010 
  17. Kulturnett Hordaland om Shetlands-Larsen
  18. http://www.forvik.com/
  19. http://www.sovereignshetland.com/index.htm

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Shetlandsøyane
  Reiseguide for Shetland frå Wikivoyage