Shiba, tidlegare kjent som shiba inu, er den minste av dei nasjonale japanske hunderasane. I Japan har det eksistert ulike spisshundtypar i lang tid, og skjelettfunn viser at shibaen har vore relativt uforandra i fleire tusen år.[1]

Gulraud shiba.
Kvit shiba.

«Shiba» tyder 'krattskog' på japansk, men på ein gammal Nagano-dialekt tyder det 'liten'. Namnet er blitt tolka med begge desse tydingane. «Inu» tyder 'hund'.[2][3]

Opphav endre

Shibaen var opphavleg ein jakthund som blei brukt til å jaga småvilt og fuglar.[3]

Skildring endre

Shiba er ein liten til middels stor spisshund med godt utvikla beinstruktur og muskulatur. Kroppen er noko lengre enn høgda (11:10). Ryggen er kort og sterk og lendet breitt og muskuløst. Brystkassen er djup og har svakt boga ribbein. Buklinja er godt opptrekt. Halen er høgt sett og blir anten halden ringla eller i ei sigdforma boge over ryggen. Hunden er rask og rører seg lett og uanstrengt i alle typar terreng. Hannene målar 38,5-41,5 cm i skulderhøgd, tispene ca. 3 cm mindre. Vekta er normalt 7-12 kg. I Japan varierer høgda meir (34-42 cm). Der er det dessuten vanleg med større variasjon i fargane enn det rasestandarden til FCI tillet.

Norsk kennelklubb har ein rasestandard for shiba.[4]

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Rasepresentasjon om shiba i Hundesport (PDF-fil)
  2. Haskett, Gretchen; Susan Houser (1997). The Total Shiba. Loveland, CO: Alpine Publications. ISBN 1-57779-049-9.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. 3,0 3,1 «Dog Owners Guide: Shiba Inu». Henta 20. august 2007.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  4. NKKs rasestandard[daud lenkje] (PDF-fil)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Shiba