Shikoku er den minste av dei fire hovudøyane i Japan, både når det gjeld areal og folketal. Ho ligg sør for Honshu og aust for Kyushu, med Setosjøen imellom. I sør har ho kyst mot Stillehavet. Ho er også ein tradisjonell japansk region, og omfattar prefektura Ehime, Kagawa, Kochi og Tokushima. Den største byen på øya er Matsuyama, so har rundt ein halv million innbyggjarar. På heile øya bur det rundt 4,1 millionar menneske (2005).

Shikoku
四国
øy
Land  Japan
Del av Japan-arkipelet, de fire hovedøyene
Stad Aust-Asia
Høgd 1 982 m
Areal 18 800 km²
Folketal 4 040 000
Kart
Shikoku
33°45′N 133°30′E / 33.75°N 133.5°E / 33.75; 133.5
Wikimedia Commons: Shikoku

«Shikoku» tyder 'fire provinsar', og viser til dei fire tidlegare provinsane ho var delt inn i, Awa, Tosa, Sanuki og Iyo. Tidlegare namn på øya er Iyo-no-futana-shima (伊予之二名島), Iyo-shima (伊予島) og Futana-shima (二名島).

Fjell og skog på Shikoku.

Shikoku er berglendt og har mykje skog. Det blir drive terassejordbruk i fjellskråningane, og ein dyrkar mellom anna ris, kveite, tobakk, soyabønner og mandarinar her. Det blir også drive fiske og saltutvinning.

Øya har fleire brusamband med Honshu, mellom anna verdas største hengebru, Akashi Kaikyo-brua, Minami Bisan–Seto-brua og Tatara-brua.

Kjelder endre

«Shikoku» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Shikoku