Shoresh (hebraisk שורש, שֹׁרֶשׁ) er ein moshav shitufi i Jerusalemkorridoren i Israel i Mateh Yehuda regionale kommune. Han ligg fem kilometer frå Sha'ar HaGai, og dekkjer eit område på 7,5 km². I 2006 hadde han eit folketal på 577.

Shoresh
שֹׁרֶשׁ, שורש
moshav
Namneopphav: rot
Land  Israel
Region Judeafjella
Distrikt Jerusalem distrikt
Kommune Mateh Yehuda
Koordinatar 31°47′47.76″N 35°3′55.08″E / 31.7966000°N 35.0653000°E / 31.7966000; 35.0653000
Areal 7,5 km²
Folketal 577  (2006)
Grunnlagd 1948
 - Grunnlagd av Austeuropeiske emigrantar
Tilhøyrsle HaOved HaTzioni
Kart
Shoresh
31°47′48″N 35°03′55″E / 31.7966°N 35.0653°E / 31.7966; 35.0653
Wikimedia Commons: Shoresh

Den 15. april 1948, erobra Harelbrigaden den arabiske landsbyen Saris ved hovudvegen til Jerusalem. Det vart skote mot jødiske kjøretøy frå den strategiske høgda.[1]

Dette året grunnla ei gruppe emigrantar frå Aust-Europa ein kibbutz på staden, og baserte namnet på den fråflytta landsbyen. Fire år seinare vart han ein moshav. I dag er det eit hotell, konferansesenter og bankett-hall i Shoresh.

I juli 1995 øydela ein brann fjørkre- og fruktindustrien i landsbyen, øydela hotell og halvparten av heimane.[2]

Kjelder endre

  1. The capture of Saris Palmach Information Centre
  2. Moshav Shoresh: After the Fire, arkivert frå originalen 2. november 2012, henta 12. oktober 2014