Sibirlo
Sibirlo i hekkedrakt Foto: OW Johnson, USFWS
Sibirlo i hekkedrakt
Foto: OW Johnson, USFWS
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Sibirlo
Utbreiinga av Sibirlo
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Slekt: Pluvialis
Art: Sibirlo P. fulva
Vitskapleg namn
Pluvialis fulva

Sibirlo (Pluvialis fulva) er ein mellomstor vadefugl i lofamilien.

Ei sibirlo i hekkedrakt er 23-26 cm lang, er svart med gylne flekker på oversida, krone, rygg og venger. Andletet og halsen er svart med ein kvit kant rundt og ho har dessutan svart bryst og ein mørk undergump. Beina er mørke. I vinterdrakta er alt av svart og kvitt tapt og denne loa har då eit gulaktig andlet og bryst, brun overside og lys underside.

Sibirlo liknar mykje på heilo, Pluvialis apricaria, men mest på kanadalo, Pluvialis dominica. Samanlikna med heilo, så er sibirlo tydeleg mindre, slankare og har relativt mykje lengre bein enn heilo. Sibirlo har òg gråbrune fjører i armhòla og lysegrå underside av venger, her er heilo til samanlikning kvit. Sibirlo er òg mindre og slankare enn kanadalo, har ein kortare primærprojeksjon og lengre bein enn kanadalo og er vanlegvis litt kraftigare gul på ryggen. Sibirlo og kanadalo var tidlegare rekna som same arten.[1]

Egg

Hekkehabitat for sibirloa er på arktisk tundra frå nordlegaste Asia til vestlege Alaska. Ho hekkar på bakken i eit tørt, ope område.

Sibirloa er trekkfugl og overvintrar i Sør-Asia og Australasia. Nokre få held seg i California og Hawaii gjennom vinteren. Denne vadefuglen er ein sjeldan gjest i Vest-Europa, også i Noreg.

Denne fuglen beitar på tundraen, marker, strender og mudderbankar i fjæra, og finn vanlegvis føda med hjelp av synet. Han et insekt, krepsdyr og litt bær.

Kjelder endre

  • Hayman, Marchant and Prater, Shorebirds ISBN 0-873403-19-4
  • Sangster, George; Knox, Alan G.; Helbig, Andreas J. & Parkin, David T. (2002): Taxonomic recommendations for European birds. Ibis 144(1): 153–159. PDF Arkivert 2019-09-13 ved Wayback Machine.

Referansar endre

  1. Sjå Sangster et al., 2002

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sibirlo