Ei sideelv er ei elv eller ein bekk som ikkje renn direkte ut i havet, men munnar ut i hovudelva i eit vassdrag. I større vassdrag kan ei sideelv òg ha eigne sideelver, og ho vert dermed hovudelva i eit sidevassdrag.

Samløpet mellom Amazonas (t.v) og sideelva Rio Negro (t.h.)

Saman med hovudelva drenerer sideelvene det omkringliggande nedslagsfeltet for overflatevatn ved å føre vatnet ut til havet. Staden der to elver renn saman vert kalla eit «samløp».

Uttrykka «høgre sideelv» og «venstre sideelv» skildrar den relative posisjonen til sideelva i forhold til hovudelva, sett i den retninga elva renn.