Sidensvans

art av sporvefuglar
Sidensvans
Sidensvanshann. Foto: Peter Gerstbach
Sidensvanshann.
Foto: Peter Gerstbach

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av sidensvans
Utbreiinga av sidensvans
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Sidensvansfamilien Bombycillidae
Slekt: Sidensvansar Bombycilla
Art: Sidensvans B. garrulus
Vitskapleg namn
Bombycilla garrulus

Sidensvans (Bombycilla garrulus) er ein sporvefugl som finst i det nordlege Europa, Asia og Nord-Amerika. Sidensvansen er ein trekkfugl som overvintrar i Nord-Europa. Fuglane trekk lenger mot sør etterkvart som det vert lite bær og frukt. Derfor varierer det kor langt sør dei dreg.

Skildring endre

Sidensvansen er om lag 20 cm lang. Hoa og hannen er omtrent like. Fuglen er raudgrå med svart strupe, eit svart band gjennom augene og gul stjertspiss. Han er lett å kjenne på den høge, raudbrune fjørtoppen på hovudet, gilde raude og gule terningar på vengene og stjerten og fin trillande låt. Han er ein selskapeleg fugl. Flukta er rask, og liknar på staren si.

Lokketonen er kortare eller lengre trille, som ei elektrisk ringeklokke — «ssrrriiii».

Levesett endre

Fuglen har reir i tre; av kvistar, mose, skjegglav og strå. Egga er kvitaktige med mørkare punkt og flekkar. Rugetida er på ca.14 dagar. Ungane blir i reiret 15-17 dagar. Hoa og hannen matar med oppgulp. Sidensvansen rugar uregelmessig i furuskogen i Finnmark og sjeldan sørover til Trøndelag, Nordmøre og Hedmark.

I hekketida lever sidensvansen for det meste av insekt. Om vinteren et han bær og frukt.

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sidensvans