Sidney Poitier (20. februar 19276. januar 2022) var ein amerikansk og bahamansk skodespelar, regissør og produsent som utmerkte seg ved å bana veg for afroamerikanararfilmlerretet.

Sidney Poitier

Fødd20. februar 1927
FødestadMiami
Død6. januar 2022 (94 år)
DødsstadLos Angeles
Aktive år1943–2001
Verka somfilmskodespelar, filmregissør, diplomat, sjølvbiograf, filmprodusent, skribent, forfattar, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, skodespelar, sceneinstruktør, fjernsynsprodusent, regissør
EktefelleJoanna Shimkus, Juanita Hardy
SambuarDiahann Carroll
BornSydney Tamiia Poitier
PrisarKnight Commander of the Order of the British Empire, Presidentens fridomsmedalje, Marian Anderson Award, Henrietta-prisen, Oscar for beste mannlige hovedrolle, Golden Globe Award for beste mannlige hovedrolle i en dramafilm, Cecil B. DeMille Award, AFI Life Achievement Award, Kennedy Center Honors, Screen Actors Guild Life Achievement Award, Grammy Award for beste talte innspilling, NAACP Image Award for Outstanding Actor in a Television Movie, Mini-Series or Dramatic Special, NAACP Image Award – Hall of Fame Award, Æres-Oscar, Spingarn-medaljen, Sorte filmskaperes æreshall, Paul Robeson Award, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, medlem av American Academy of Arts and Sciences Fellow, Sølvbjørnen, stjerne på Hollywood Walk of Fame, BAFTA Academy Fellowship Award, Sølvbjørnen, honorary doctor of the University of Miami, Sølvmuslingen for beste mannlige skuespiller, Audie Award for Narration by the Author, Coretta Scott King Award

Livssoge endre

Poitier blei fødd i Miami men voks opp i fattigdom på Bahamas. Tretten år gammal avslutta han skulegangen. Han gjekk seinare inn i den amerikanske hæren og tenestegjorde under den andre verdskrigen som medisinsk assistent.

Han debuterte som skodespelar på Broadway i 1946 og som filmskodespelar fire år etter. Gjennombrotet kom med filmen Blackboard Jungle frå 1955, der den tjuesjuårige Poitier hadde ein overtydande rolle som ein skuleelev. For filmen Lilies of the Field frå 1963 fekk han ein Oscarpris som beste mannlege skodespelar, den første afroamerikanaren.

Han spelte i teaterstykket Raisin in the Sun av Lorraine Hansberry då det først blei sett opp på Broadway i 1959, og i filmatiseringa frå 1961. Andre kjende opptredenar er i filmar som Porgy and Bess, basert på operaen av Gerswhin, Guess Who's Coming to Dinner, om eit kjærleiksforhald mellom ein svart mann og ei kvit kvinne, og In the Heat of the Night, om ei mordetterforsking i ein småby i Mississippi.

Kjelder endre