Sierra de Grazalema

Sierra de Grazalema er ei fjellkjede og eit verna område nordaust i provinsen Cádiz sør i Spania. Parken dekkjer 516 km² av fjellkjeda, som igjen er ein del av Cordillera Penibética. Av mindre fjellkjeder i Sierra de Grazalema finn ein Sierra de Zafalgar, Sierra del Pinar og Sierra de Endrinal. Pinar (eller Torreón) på 1654 meter over havet er den høgaste toppen.

Sierra de Grazalema
fjell
Land  Spania
Del av Natura 2000, Natura 2000 in Spain
Kart
Sierra de Grazalema
36°44′N 5°22′W / 36.73°N 5.37°W / 36.73; -5.37
Wikimedia Commons: Sierra de Grazalema Natural Park
Kart over naturparken

Sierra de Grazalema er eit karstområde og her finst store kalksteinsgrotter, som Cueva del Gato, Cueva de la Pileta og Garganta Verde. Det finst òg store koloniar med gribb i Sierra de Grazalema, inkludert nokre få åtselgribbar, ein art som er alvorleg utryddingstrua. Naturparken vart erklært eit biosfærereservat i 1977.

Byar i parken endre

Ni kommunar i provinsen Cádiz ligg heilt eller delvis innanfor naturparken. Desse er Algodonales, Benaocaz, El Bosque, El Gastor, Grazalema, Prado del Rey, Ubrique, Villaluenga del Rosario og Zahara de la Sierra. I tillegg ligg fem byar i provinsen Malaga innanfor parken: Benaoján, Cortes de la Frontera, Jimera de Líbar, Montejaque og Ronda.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

36°46′08″N 5°25′52″W / 36.769°N 5.431°W / 36.769; -5.431