Sierra de Guadarrama

Sierra de Guadarrama er ei fjellkjede sentralt i Spania som utgjer den austlege halvdelen av Sistema Central, det sentrale fjellområdet på Den iberiske halvøya, mellom Sierra de Gredos i provinsen Ávila og Sierra de Ayllón i provinsen Guadalajara. Fjella går frå sørvest til nordaust, og strekkjer seg inn i provinsen Madrid i sør og mot provinsane Ávila og Segovia i nord. Fjellkjeda er om lag 80 km lang og det høgaste fjellet er Peñalara på 2428 meter over havet.

Sierra de Guadarrama
fjellkjede
Land  Spania
Kart
Sierra de Guadarrama
40°48′46″N 3°56′58″W / 40.81277778°N 3.94944444°W / 40.81277778; -3.94944444
Satellittbilete
Satellittbilete
Satellittbilete
Wikimedia Commons: Sierra de Guadarrama

Vegetasjonen i fjellkjeda er prega av store furuskogar og kratt med eik og steineik i dei lågareliggande områda, medan fjellenger og ligg rundt fjelltoppane med noko einer rundtom. Fjella har eit rikt dyreliv med dyr som spansk steinbukk, rådyr, dåhjort, villsvin, grevling, forskjellige artar røyskatt, villkatt, rev og hare. Området har òg eit rikt fugleliv, som spansk kongeørn og munkegribb.

Sidan fjella ligg nær Madrid er det ofte mykje folk som går på tur her. Fleire fjellovergangar og jernbaneruter kryssar fjella, og området har ein utvikla infrastruktur for turistar. Dette er ei trugsel for det skjøre miljøet i fjella.

Skildring endre

 
Peñalara, det høgaste fjellet
 
La Pedriza

Generell informasjon endre

Guadarramas dannar dent naturlege skiljet mellom det nordlege og sørlege mesetas på Den iberiske halvøya, ein del av det såkalla Sistema Central.

Det meste av fjellet ligg mellom 900 og 1200 meter over havet, og dei høgaste toppane har i snitt ein primærfaktor på 1000 meter. Det høgaste fjellet, Peñalara, er 2428 meter over havet. Fjellkjeda startar ved Alberchedalen, som deler Sierra de Gredos i to delar, og endar ved Somosierra-passet, som er vasskiljet mellom Tajo og Duero. Fleire elvar spring ut i fjella, som Jarama, Guadarrama og Manzanares, som munnar ut i Tajo, og Duratón, Cega og Eresma, som renn til Duero.

Hovudryggen går frå sørvest til nordaust, men det finst òg fleire greiner som strekkjer seg i andre retningar. Ei av desse er Cuerda Larga, som går vestover. Denne 15 km lange ryggen er eit imponerande syn med ei høgd på over 2000 meter over havet. Ho starta ved Puerto de Navacerrada i Madrid og endar ved Morcuera-passet (Puerto de la Morcuera). Det høgaste fjellet i Cuerda Larga er Cabezas de Hierro på 2383 meter over havet.

Mellom Cuerda Larga og hovudryggen til Sierra de Guadarrama ligg Lozoyadalen, ein vakker dal som trekker til seg mange skituristar om vinteren, samt om sommaren for andre aktivitetar. Ei anna vestleg grein av fjellkjeda er La Mujer Muerta (Den døde kvinna), eller Sierra del Quintanar (Quintanarfjella), som startar ved Fuenfríapasset (Puerto de la Fuenfría) og ligg innanfor provinsen Segovia. Ho er 11 km lang og har fleire toppar som går over 2000 meter over havet, mellom andre Montón de Trigo.

I tillegg til Cuerda Larga og La Mujer Muerta, ligg fleire mindre fjell nær fjellkjeda, særleg i Segovia-området der ein finn Cerro de las Cardosillas (1635 moh.), Cerro de Matabueyes (1485 moh.), Cerro del Caloco (1565 moh.) og Sierra de Ojos Albos (1662 moh.); og i Madrid-området der ein finn (frå nord til sør) Cerro de San Pedro (1423 moh.), Sierra del Hoyo (1404 moh.), Cerro Cañal (1331 moh.) og Las Machotas (1466 moh.).

Fjelltoppar endre

Fjelltoppane i Guadarrama har relativt mjuke kurvar, medan eit fåtal stikk seg meir ut:

  • Monte Abantos (1753 moh.)
  • Bola del Mundo (2265 moh.)
  • Cabezas de Hierro (2383 moh.), høgast i Cuerda Larga
  • Dos Hermanas (2285 moh.)
  • Flecha (2078 moh.)
  • La Maliciosa (2,227 moh.)
  • La Najarra (2108 moh.)
  • El Nevero (2209 moh.); ein av dei nordlegaste fjella i kjeda
  • Pandasco (2238 moh.)
  • Peña del Águila (2010 moh.)
  • Peñalara (2 428 moh.), den høgaste toppen i Guadarramas
  • La Peñota (1 945 moh.)
  • Risco de los Claveles (2 387 moh.)
  • Risco de los Pájaros (2 334 moh.)
  • Siete Picos (2 138 moh.)
  • Montón de Trigo (2 161 moh.)
  • Cerro de Valdemartín (2 280 moh.)
  • El Yelmo (1 717 moh.), den viktigaste toppen i La Pedriza

Galleri endre

Kjelder endre

40°51′00″N 3°57′00″W / 40.850°N 3.950°W / 40.850; -3.950