Signal de Botrange

Signal de Botrange er det høgaste punktet i Belgia, i Hautes Fagnes, med ei høgd på 694 meter over havet. Det er toppen av eit breitt platå, og ein veg kryssar toppen ved sida av ein kafé.

Det seks meter høge tårnet på Signal de Botrange.
Kommunikasjonstårn på Signal de Botrange
Kart
Signal de Botrange

I 1923 vart det seks meter høge Baltia-tårnet reist her, slik at besøkjande kunne nå ei høgd på 700 meter. Eit steintårn vart bygd i 1934, der toppen av tårnet er 718 meter over havet.

Midt på vinteren er toppen ofte utgangspunkt for mange langrennsruter

50°30′06″N 6°05′35″E / 50.50167°N 6.09306°E / 50.50167; 6.09306