Signalkreps
Signalkreps
Signalkreps
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Familie: Astacidae
Slekt: Pacifastacus
Art: Signalkreps P. leniusculus
Vitskapleg namn
Pacifastacus leniusculus

Signalkreps (Pacifastacus leniusculus) er eit krepsdyr innført til Europa frå Nord-Amerika.

Signalkrepsen er raudbrun til grøn i fargen, vert inntil 20 cm lang og vege opptil 330 gram. Den skil seg frå den opphavlege norske arten edelkreps ved den er mørkare i fargen, skjoldet er tjukkare og er glatt framme ved munnpartiet (taggete på edelkreps), men det tydelegaste teiknet er ein tydeleg lyseblå flekk i leddet på kloa, derav namnet «signalkreps».

Signalkrepsen er berar av eggsporesopp som lever i skalet, og som er årsaka til at edelkreps utviklar krepsepest. Denne sjukdomen kom til Europa på midten av 1800-talet, fyrste gong i eit utbrot i Italia og ti år seinare i Frankrike, og fram mot 1900 spreidde sjukdomen seg nordover til Finland. Ein var lenge usikker på kva som førte til sjukdomen. Ein hadde tidlegare observert at signalkrepsen var resistent mot sjukdomen. Soppen vart beskriven rundt 1903, men først på 1930-talet vart samanhengen slått fast. Fordi signalkrepsen såg ut til å vere immun mot krepsepest vart arten sett ut i stor skala i Sverige, men kort tid etter vart ein klar over at signalkrepsen var berar av soppen. Av dei opphavlege 30 000 områda med edelkreps i Sverige, er det att berre 1000.

Signalkreps i Noreg endre

Noreg valde samstundes å ikkje setje ut arten, som det einaste landet i Europa saman med Estland. Signalkrepsen har også vorte sett ut mange stadar ulovleg, i håp om større avkasting. Men det har seinare vist seg at arten ikkje toler kalde vintrar like godt som edelkreps, noko som ofte resulterer i mykje liten kreps. Det er likevel praktisk talt umogeleg å utrydde signalkreps når han først er introdusert i eit vassdrag.

I Noreg er signalkreps påvist i eit lite vassdrag i Dammane landskapsvernområde ved Brevik i Porsgrunn kommune i 2008, der han raskt vart utrydda. Kort tid etter vart arten observert Øymarksjøen i Østfold, eit vassdrag som er for stort til å gjere forsøk på utrydding. Sumaren 2009 vart signalkrepsen oppdaga dammane på ei golfbane på Ostøya i Bærum, og truleg utrydda ved nedtapping og gift hausten 2009.

Hjå signalkreps lever eggsporesoppen berre i skalet, og spreier seg ved sporar i vatnet. Edelkrepsen har ikkje dei same barriærene skalet, noko som fører til at soppen kan spreie seg vidare til innvolar og nervesystem. Eit av dei fyrste teikna på sjukdom er at krepsen vert dagaktiv, deretter vert balansen øydelagd og krepsen kan også krype opp på land, før han til slutt døyr av sjukdomen. Død kreps spreier store mengder smittestoff i vatnet, som igjen kan bli overført til andre vassdrag ved eksempelvis teiner, fiskeutstyr, tursko eller badetøy. Det er framleis usikkert om eggsporesoppen kan overleve i vassdrag utan kreps.

Utsetting av sjukdomsberande arter som signalkreps vert rekna som alvorleg miljøkriminalitet, og har ei strafferamme på fengsel i inntil 6 år.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Signalkreps