Sigvald Oppebøen Hansen

norsk politikar

Sigvald Oppebøen Hansen (fødd 21. september 1950 i Nissedal) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Telemark i 1993. Ved stortingsvalet 2009 vart han vald på nytt for fjerde gong.

Sigvald Oppebøen Hansen

Fødd21. september 1950 (73 år)
Nissedal
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Oppebøen Hansen har gjennomgått handelsskole og Postskolen, og arbeidde i Posten frå 1969 til 1993. Han var i åra 1979–83 medlem av utval og kommunestyre i Nissedal, og leiar av helse- og sosialutvalet i kommunen. Vidare sat han i Telemark fylkesting frå 1983 til 1993, då han vart vald inn på Stortinget fyrste gong.

Stortingets presidentskap endre

  • 1997–2001 - varasekretær i Odelstinget.
  • 2001–2005 - sekretær i Odelstinget.
  • 2005–2009 - første varapresident i Odelstinget.

Stortingskomitear endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre