Sigyn er i den norrøne mytologien gift med Loke. Saman fekk dei sønene Narve og Vale. Trass i Loke sine mange ugjerningar, merka Sigyn seg ut ved å vera trufast mot Loke.

Sigyn, Loke og eiterormen.

Loke stod bak at Balder døydde. I tillegg fornærma han alle gudane på Ægir sin fest. For desse og andre ugjerningar straffa æsene Loke. Straffa var at Loke vart bunden fast til ein stein med tarmane til Narve. Ein eiterorm heng over hovudet, slik at etsande gift dryp ned på hovudet hans. Sigyn prøver å samla opp gifta i eit beger. Kvar gong ho må tømma begeret, dryp det gift ned i augo på Loke. Då skjelv jorda. Slik skal Loke liggja til Ragnarok.