Sildegryn, òg skrive sildgryn ut frå uttalen frå Nordmøre og nordover, er ein tradisjonell eingryterett der spekesild er ein av ingrediensane.

Retten har vorte brukt til middag mange stader i Noreg. Oppskriftene er noko ulike. Det vanlege er at ein kokar ei grynsuppe. Det vanlegaste har vore byggryn, men risgryn og erter har og vorte brukt. I suppa har ein poteter, gulrot, kålrot, lauk og kål. Mange stader har det vore vanleg å koke på ein kjøtknoke for å få smak på retten. Når dei andre ingrediensane er ferdigkokt har ein hatt i reinsa og utvatna spekesild. Sildegryna kan tilsmakast med timian, persille, pepar og salt.

Kjelder endre