Sildemåse

fugleart
Sildemåse
Sildemåse
Sildemåse
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av sildemåse
Utbreiinga av sildemåse
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Larus
Art: Sildemåse L. fuscus
Vitskapleg namn
Larus fuscus

Sildemåse (Larus fuscus) er ein fugl i måsefamilien.

Sildeåseegg

Kjenneteikn endre

Dei vaksne fuglane har gråsvart/svart overside, medan resten av kroppen er kvit. Beina er gulfarga og med symjeføter. Dei har store spisse venger og flyt lett. Kjønna er like. Ungfugl har ei meir brunspetta fjørdrakt. Fuglen kallast gulføtting i deler av Nord-Noreg.

Sildemåsen kan likna på svartbak, men er vesentleg mindre.

Utbreiing endre

Sildemåsen er langs heile kysten med hovudvekt i Sør-Noreg.[2]

Sildemåken er i all hovudsak knytt til kyststrøk, og hekkar ofte på holmar og skjer langt ute i havgapet. Under hekkesesongen finn ein han som regel i koloniar. Det er også funne reir nokon få gonger i innlandet. Majoriteten av den norske bestanden finst i Sør-Noreg. Om lag 25 000 par hekkar i Noreg.

Sildemåsen er ein trekkfugl, og svært få individ er i Noreg om vinteren. Dei fleste dreg til Sørvest-Europa og Marokko, og tildels innover mot Middelhavet og Svartehavet. Dei trekkjer ut av landet frå august til oktober, og kjem tilbake frå vinterkvartera i mars-april.

Kjelder endre

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av sildemåke Larus fuscus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sildemåse
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  1. FOR 1977-11-18 nr 4198: Forskrift om fredningsbestemmelser for Karlsøyvær naturreservat med tilhørende fuglelivsfredning, Bodø kommune, Nordland.