For fartøyet, sjå S/S Siljan. For staden i Noreg, sjå Siljan.

60°52′20.384″N 14°47′22.769″E / 60.87232889°N 14.78965806°E / 60.87232889; 14.78965806

Satellittbilete over Siljanringen frå Landsat 7
Utsikt over Siljan frå Gesunda

Siljan i Dalarna er den sjette største innsjøen Sverige. Innsjøen ligg i kommunane Mora, Rättvik og Leksand. Sjøen ligg 161 meter over havet og har saman med dei tilgrensande innsjøane Orsasjön og Insjön eit areal på 354 km². Siljan aleine har eit areal på 260 km². Største djupne er 120 meter. Siljans utløp er via Österdalälven til Dalälven. Siljan er forbunde med Orsasjön gjennom det fire kilometer lange smale sundet Moranoret ved tettstaden Mora. Den største øya i Siljan er Sollerön med eit areal på 20,5 km².

Midtsommarfeiringa rundt Siljan er verdskjent.

Historie endre

For 365 millionar år sidan slo ein stor meteoritt ned med uhorveleg kraft og danna det som i dag blir kalla Siljanringen. Siljan, Orsasjön, Skattungen, Oresjön og småsjøane i Bodadalen er den ytre ringen i krateret.

Krateret er 50 km i diameter og er det største kjende krateret av denne typen i Europa.

Geologi endre

Området omfattar Siljans ¬og Orsasjöens vassystem med det nærliggande terrenget, og dessutan området langs Siljanringen. Berggrunnen rundt Siljan består, omfram det prekambriske grunnfjellet, av sedimentære bergartar, hovudsakleg frå ordovicium og silur. Desse vart reist på høgkant av meteorittnedslaget som danna Siljan og er difor vorte verna til i dag. Området er typeområde for mange fossilar og difor geologisk viktig i global samanheng. Det finst mange både aktive og nedlagde steinbrot i området. Eit døme på eit nedlagt steinbrot som har fått eit nytt liv er Dalhalla utanfor Rättvik, som har gjenoppstått som amfiteater og konsertscene.

Skipsfart endre

Siljan og tilstøytande vassdrag var tidlegare ei viktig ferdselsåre i Dalarna, både når det gjaldt tømmerfløyting og transport av gods og passasjerar. Særleg var transport av jernmalm frå områda rundt Siljan viktig. Allereie i 1839 vart det første dampskipet, hjuldamparen Prins August sett i trafikk på Siljan. Dampskipet S/S Engelbrekt vart sett inn i trafikk i 1866, og har enno seglingar på sommaren, det same gjeld M/S Gustav Wasa som har trafikkert Siljan sidan 1876.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre