Simsabukta (russisk Залив симса - Zaliv Simsa) er ei bukt i Laptevhavet på kysten av Tajmyrhalvøya i Russland og Krasnojarsk kraj. Ho er 40 km lang frå munningen av elva Goltsovaja i vest til den breiaste opninga i aust. Her er ho 14 km brei.

Kart som syner plasseringa til Simsabukta.

Sidan ho ligg så langt nord er klimaet særs hardt med lange, barske vintrar. Bukta er isdekt det meste av året og stundom er ho fryst til sjølv gjennom den korte sommaren.

Komsomolskaja Pravda-øyane ligg utanfor munningen av Simsabukta.

Simsabukta må ikkje forvekslast med Simskajabukta som ligg på høgresida av Khatangabukta.

Historie endre

I 1940-1941 fann sovjetiske hydrografar restane av folk, pengar, våpen og andre lekamar i Simsabukta og på dei nærliggande Faddejøyane. Truleg var desse restar etter ein ekspedisjon med Akakij og Ivan Muromets tidleg på 1600-talet.

Kjelder endre

77°07′N 105°15′E / 77.117°N 105.250°E / 77.117; 105.250