ZX81 var ein heimedatamaskin som Sinclair lanserte i 1981. Han var ei vidareutvikling av ZX80, og vart ein suksess. Sinclair produserte 40 000 eksemplar i månaden, derav 15 000 vart eksportert til USA. Likevell klarte ikkje Sinclair å fylle behovet i byrjinga.

Sinclair ZX81

ProdusentTimex
Typecomputermodell
ProsessorZilog Z80A
UtviklarSinclair Research
Lansert5. mars 1981
Utfasa1984
Operativsystem (OS)Sinclair BASIC
ForgjengarSinclair ZX80
EtterfølgjarZX Spectrum

ZX81 var utstyrt med ein 3,5 MHz Z80-kompatibel prosessor frå NEC. Han hadde 1kb RAM minne og 8kb ROM. Vart det for lite med berre 1kb arbeidsminne, kunne ein etterkvart oppgradere til heile 16kb. I motsetnad til forgjengaren ZX80 kunne ZX81 vise enkel grafikk, men berre i svart/kvitt.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.