Ei sinderkjegle eller slaggkjegle er ein bratt sirkelforma ås eller eit fjell av vulkanske fragment som samlar seg opp rundt ein vulkanventil eller der lavafonten måtte lande.[1] Steinfragment, ofte kalla sinder eller slagg, er glasaktige og inneheld mange gassbobler som vert fanga inne i fragmenta når magma eksploderer i lufta og så vert raskt avkjølt.[1] Storleiken til sinderkjegler varierer frå titals meter til fleire hundre meter i diameter.[1] Sinderkjegler består av pyroklastisk stoff.

Figur av den indre strukturen til ei typisk sinderkjegle

Mange sinderkjegler har eit skålforma krater på toppen. Lavastraumar frå sinerkjegler kjem vanlegvis ut av ei sprekk i sida av krateret eller frå ein ventil på sida av kjegla.[1] Om kratersida bryt fullstendig saman kan resten av veggane forme eit slags amfiteater eller ein hestesko rundt ventilen. Lava renn sjeldan ut frå toppen av kraterveggen (bortsett frå som ei fontene ut av ventilen) på grunn av dei lause massane som sinderkjeglene består av. Veggane klarar ikkje å stå imot presset når den smelta steinen startar å fylle opp krateret.[1]

Sunset-krateret, ei typisk sinderkjegle med lite vegetasjon.

Sinderkjegler er vanlege på sidene av skjoldvulkanar, stratovulkanar og kalderaer.[1] Til dømes har geologar funne nesten 100 sinderkjegler i fjellsida av Mauna Kea, ein skjoldvulkan på øya Hawaii.[1]

Den mest kjende sinderkjergla er kanskje Paricutin som voks opp i ein kornåker i Mexico i 1943 frå ein ny ventil.[1] Utbrota heldt fram i 9 år og bygde ei 424 meter høg kjegle, og produserte lavastraumar som dekte eit område på 25 km².[1]

Den historisk mest aktive sinderkjegla ein kjenner til er Cerro Negro i Nicaragua.[1] Han er ein del av ei gruppe på fire unge sinderkjegler nordvest for Las Pilas-vulkanen.[1] Etter han starta i 1850 har han hatt over 20 utbrot, sist gong i 1992 og 1995.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre