Sinfest: The webcomic to end all webcomics er ein teikneserieinternett forfatta og teikna av Tatsuya Ishida. Den første stripa vart vist den 17. januar 2000, dei kjem no opp til dagleg på heimesida til Sinfest. Tidlegare var Sinfest ein del av Keenspot-sidene.

Sinfest: The webcomic to end all webcomics
Forfattar(ar)Tatsuya Ishida
Språkengelsk
Blei til2000
Sjangerhumor, religion, sex, media
ForlagKeenspot
Lansert17. januar 2000
Nettstadwww.sinfest.net/
StatusDagleg oppdatert (2007)

Hovudtemaet i serien er menneskenaturen, med spesiell merksemd retta imot seksualitet og religion. Andre tema har vore forbrukarkulturen og politiske kommentarar. Sinfest fokuserer på det humoristiske og er ikkje moralsk fordømmande.

Sinfest på trykk endre

Sinfest har ikkje slått i gjennom som avisstripe. Ishida har på eige forlag gjeve ut bøkene:

  • Sinfest (2002)
  • Life is My Bitch (2003)
  • Dance of the Gods (2005)

Seriemagasinet Nemi har publisert Sinfest i fargar og er ein av dei få publikasjonane som gjev ut serien. Nettutgåva på Sinfest si heimeside er berre unntaksvis i fargar.

Bakgrunnsstoff endre