Sinn er eit omgrep som viser til dei ulike aspekta ved intellektet og medvitet som kombinasjonar av tankar, sansing, minne, kjensler, vilje og fantasi, eller med andre ord at sinnet er straumen av medvitet. Det omfattar alle dei medvitne prosessane i hjernen. Omgrepet omfattar også i ein del høve undermedvitet og dei medvitne tankane til dyr. Sinnet vert ofte nemnt når ein viser til tankeprosessane som føregår under ein argumentasjon.

Teikning frå Friedrich Eduard Bilz (1842–1922): Das neue Naturheilverfahren

Det har gjennom tidene vorte utvikla mange teoriar om sinnet og kva funksjon det har. Dei tidlegast kjende verka om sinnet er skrivne av Zarathushtra, Buddha, Platon, Aristoteles, Adi Shankara og andre greske, indiske og islamistiske filosofar i antikken. Dei før-vitskaplege teoriane kom hovudsakleg frå teologien og fokuserte på tilhøvet mellom sinnet og sjela, det overnaturlege, guddomar eller det guddommelege ved ein person. Dei moderne teoriane, som er baserte på vitskaplege undersøkingar av hjernen, poengterer at sinnet er eit produkt av hjernen, og at det har både medvitne og umedvitne aspekt.

Spørsmålet om kva for eigenskapar som utgjer sinnet er også omdiskutert. Nokre meiner at det berre er dei «høgare» intellektuelle funksjonane som utgjer sinnet, og då spesielt fornuft og minne. I eit slikt syn vert kjenslene, til dømes kjærleik, hat, frykt og glede, rekna som meir «primitive» eller subjektive, og ikkje sett på som ein del av sinnet. Andre igjen meiner at dei fornuftsmessige og kjenslemessige sidene av mennesket ikkje kan skiljast, at dei har same opphav, og at alle må reknast som ein del av sinnet til enkeltmennesket.

Kjelde endre