Sinti (fleirtal av sinto, òg manouches) er ei undergruppe av sigøynarar som kom til Nord-Europa på slutten av mellomalderen. Dei er nærskylde med folkegruppa roma som hovudsakleg lever i Aust-Europa og opphavleg kom frå India. Opphavleg var dei nomadar, men i dag er dei fleste bufaste og bur i Mellom- og Vest-Europa og nord i Italia.

Ein trur at sintifolket braut opp frå Sind eller frå strøka langs elva Sindhu i India til Persia, der stammemedlemmene søkte arbeid som musikarar. Frå Persia vandra dei så vidare til Europa og Nord-Afrika. Musikktradisjonane i dei områda der dei levde i løpet av hundreåra vart etterkvart ein del deira eigen musikk.

Sintiane har frambrakt eit stort tal framifrå musikarar, som t.d. den legendariske Django Reinhardt. Sintoen Häns'che Weis gav ut ei plate i Tyskland i 1970-åra der han song om sigøynaranes holocaust på sitt eige språk. Han utløyste dermed ein furore i sitt eige folk — dei ville ikkje at språket deira skulle bli kjent hos «gadjane». Mange unge tyskarar fekk vita om denne delen av tysk historie gjennom plata. Titi Winterstein og fleire medlemmer av Reinhard-klanen spelar framleis tradisjonell og moderne «hot jazz» (sigøynarjazz) kring i Europa.

Sjå òg endre