Siple-stasjonen var ein stasjon i Antarktis oppretta i 1973 av Stanford's STAR Lab, for å utføre eksperiment som sendte særs lågfrekvente bølgjer (VLF) opp i magnetosfæren. Plasseringa var nær den magnetiske sørpolen, og det tjukke isdekket gjorde at ein kunne nytte ein relativt effektiv dipolantenne ved VLF-frekvensar (3 kHz). John Katsufrakis frå Stanford University var opphavet til stasjonen og VLF-eksperimenta vart finansierte av Stanford.

Siple-stasjonen
stasjon
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 75°55′S 83°55′W / 75.917°S 83.917°W / -75.917; -83.917
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Siple-stasjonen
75°55′00″S 83°55′00″W / 75.9167°S 83.9167°W / -75.9167; -83.9167
Siple-stasjonen is located in Antarktis
Siple-stasjonen (Antarktis)

I røynda var det to stasjonar, Siple I og seinare Siple II - kring 1979, då den første vart knust av isen. Den originale Siple I-stasjonen hadde plass til at fire mann kunne overvintre, medan Siple II hadde plass til åtte personar.

Siple-stasjonen vart nedlagt då forskingsprosjektet var over i 1980-åra. Siple II-stasjonen nytta ein 300 kW generator til å drive ein VLF-sendar, der signal vart sendte til Roberval i Canada. På den tida hadde Siple II-stasjonen den lengste dipolantenna i verda. Ho var opphavleg 19 km lang, og vart sidan auka til 38 km, i tillegg til at ei anna 38 km lang antenne gjekk vinkelrett på den første. Ein kunne dermed sende faseretta signal med antennene.

Bakgrunnsstoff endre