Siraks bok er eit av dei Dei apokryfe skriftene som ver knytt til Det gamle testamentet.

Ordtaket «Eg vil heller bu med løver og drakar enn ei ond kvinne» frå Siraks bok, gjengjeve i ein tysk biletbibel frå 1751.

Skriftet er omsett til gresk frå hebraisk av Jesus ben Sirak som kom til Egypt i 132 f.Kr. Han hevdar i forordet at det var skrive på hebraisk av farfar hans, om lag 180 f.Kr. Fragment av den hebraiske originalteksten vart funnen ved Kairo i 1896 og ved festninga Masada i 1965.

Jesus Siraks bok har ingen tydeleg disposijon, men er ei samling råd og ordtøke som talar for seg sjølv. Innimellom står det lovsongar, bøner og takkesongar.

Visdomen framstår somme stader i boka med mytologiske trekk, med slektskap til guddommar i egyptisk mytologi.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre