Siren Jørgensen

norsk skodespelar

Siren Jørgensen (fødd 1977) er ein norsk skodespelar frå Stord.[1] Ho vart utdanna ved Statens Teaterhøgskole i 2002.[2] I 2006 vart ho tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen og jobba der i rundt 10 år før ho vart frilansskodespelar og busette seg i Oslo.[3] I 2009 vann ho publikumsprisen Årets scenenamn, utdelt av Bergen Teaterforening og Bergensavisen.

Siren Jørgensen
Fødd1977 (47 år)
Verka somskodespelar

Ho spelte hovudrolla som Rebekka i Kjersti G. Steinsbøs film Hevn frå 2015. Filmen er basert på Ingvar Ambjørnsen si bok Dukken i taket.[4] For rolla vart ho nominert til Kanonprisen 2015 i klassa beste kvinnelege hovudrolle.[5]

Filmografi endre

  • 2003: Play
  • 2008: Forlat oss vår skyld – kortfilm
  • 2014: Lilyhammer – TV-serie, 1 episode
  • 2015: Side om side – TV-serie, 2 episoder
  • 2015: Hevn
  • 2015–2017: Neste sommer – TV-serie, 2 episoder
  • 2016: Aber Bergen – TV-serie, 1 episode
  • 2017: Helt perfekt – TV-serie, 1 episode
  • 2017: Front - kortfilm
  • 2019: Magnus – TV-serie, 6 episoder
  • 2019: Lovleg – TV-serie, 1 episode
  • 2020: 22. juli – TV-serie, 3 episoder

Kjelder endre

  1. «Siren Jørgensen – 2 roller i norsk næringsliv», www.proff.no, henta 22. november 2021 
  2. «Siren Jørgensen». Henta 23. januar 2021. 
  3. «Siren Jørgensen fra Stord med i «Tung tids tale»». 10. september 2018. Henta 23. januar 2021. 
  4. «Hevn». 4. november 2015. Henta 23. januar 2021. 
  5. «Bølgen og «bomben» kan bli Kanon-grossister». 17. februar 2016. Henta 23. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff endre