Domssøndag/Kristi kongedag – i Noreg tidlegare omtalt som siste sundag i kyrkjeåret – fell mellom 20. og 26. november og er den siste søndagen før adventa.

Etter liturgirevisjonen i 2012 fekk dagen i Den norske kyrkja namnet domssøndag/Kristi kongedag fordi preiketekstane minner om at Kristus skal komme att for å halde dom over levande og døde, og domaren seier at «Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, har de heller ikkje gjort mot meg».[1]

Krist kongefest endre

I Den katolske kyrkja har det vore vanleg å feire den siste sundagen i kyrkjeåret som Kristi kongefest. Kristi kongefest er den yngste av idéfestane til Kristi ære i kalenderen. Festen vart innført av pave Pius XI i 1925 som eit motstykke til sekularismen i tida og som ein protest mot allmakta til statane.

Kyrkjer som feirar Kristi kongefest, kan velje å nytte kvit liturgisk farge, sjølv om den vanlege liturgiske fargen denne sundagen er grøn.

Kjelder endre