Siter

strengeinstrument

Siter er eit klimpreinstrument som er bygd opp av ein resonanskasse utan hals og fleire strenger. Nokre av strengene gjev melodien medan andre akkompagnerer han.

Siter

Klassifiseringklimpreinstrument, verkelege bordsiterar med resonanskasse
Hornbostel-Sachs klassifisering314.122-4
Siter-lyd.
Tafelberg-siter

Instrumentet er kjent frå mange land i ulike former, og blir særleg brukt innan folkemusikk. I Noreg finn me han både i form av den sentraleuropeiske zitheren, oftast kalla siter eller harpeleik og i som det norske dulcimerinstrumentet langeleik.

Namnet siter kjem frå det greske instrumentet kithara, som vart brukt av klassiske greske diktarar og seinare i Romarriket.

Namnet siter (med trykk på første stavinga) er av eit anna opphav enn namnet sitar (med trykk på siste stavinga). Det sistnemnde kjem av farsi si-tar eller se-tar som tyder 3-streng.

Ulike siterinstrument frå heile verda endre