Siwalik (kalla Manak Parbat i eldre tider) er ei fjellkjede i ytre Himalaya. Fjellkjeda strekkjer seg kring 2400 km kring eit område som startar nesten frå Induselva til Brahmaputra, med eit gap på kring 90 km mellom elvene Teesta og Raidak i Assam. Breidda på Siwalik er frå 10 til 50 km og middelhøgada er frå 1500 til 2000 meter over havet.[1]

Siwalik
Sivalik
fjellkjede
Kalimpong sett frå ein nærliggande ås. I bakgrunnen ligg Himalaya.
Land Nepal,  India  Pakistan
Fjellkjede Himalaya
Koordinatar 27°46′N 82°24′E / 27.767°N 82.400°E / 27.767; 82.400
Lengd 2 400 km
Kart
Siwalik
27°46′00″N 82°24′00″E / 27.766666666667°N 82.4°E / 27.766666666667; 82.4
Wikimedia Commons: Shivalik Hills

Geologi endre

 
Ganges skjer gjennom Siwalik.
 
Siwalik frå Sukhnasjøen

Siwalik er den sørlegaste og geologisk yngste aust-vestgåande fjellkjeda i Himalaya. Siwalik er delt inn i fleire mindre område. Dei strekkjer seg vestover frå Arunachal Pradesh gjennom Bhutan til Vest-Bengal, og vidare vestover gjennom Nepal og Uttarakhand, og inn i Himachal Pradesh og Kashmir. Fleire store elvar skjer seg gjennom fjella på veg sørover frå Himalaya. På sørsida av fjella finst eit netteverk av små riller og kanalar, der det oppstår elva under monsunen.

Siwalik består hovudsakleg av sandstein og konglomerat, som er forsteina detritus. Restane av magnetiseringa av silsteinar og sandsteinar indikerer at dei vart avsett for 16-5,2 millionar år sidan og Karnalielva har grave fram dei eldste delane av Siwalik i Nepal.[2]

Førhistorie endre

Sivapithecus (ein type ape, tidlegare kalla Ramapithecus) er av dei mange fossila ein har funne i Siwalik-området.

Siwalik er òg av dei rikaste fossilområda i heile Asia. Her har ein funne alle slags dyr, mellom anna dei tidlegaste slektningane til dovendyret, sivatherium, ein tidleg sjiraff og Colossochelys atlas, ei enorm skjelpadde.

Ein har funne restane av soan-kulturen frå eldre steinalder (ca. 500 000 til 125 000 år sidan) i Siwalik-regionen.[3][4] Denne kulturen bestod av Homo erectus.

Kjelder endre

  Denne artikkelen inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eigeChisholm, Hugh, red. (1911). Encyclopædia Britannica (på engelsk) (11. utg.). Cambridge University Press. 

  1. Kohli, M. S. (2004) Mountains of India: Tourism, Adventure, Pilgrimage. Indus Publishing, New Delhi.
  2. Gautam, P., Fujiwara, Y. (2000) Magnetic polarity stratigraphy of Siwalik Group sediments of Karnali River section in western Nepal. Geophysical Journal International 142 (3): 812–824.
  3. Is the Soanian techno-complex a Mode 1 or Mode 3 phenomenon? A morphometric assessment
  4. Distribution of Acheulian sites in the Siwalik region