Sjóvar kommuna er ein kommuneFærøyane. Han femner bygdene Strendur, Innan Glyvur, Kolbanargjógv, Morskranes og Selatrað. Det bur 1.043 menneske i kommunen, der 817 av dei bur i bygda Strendur.

Sjóvar kommuna.

Namnet på kommunen kjem frå det gamle Sjóvar sokn, eit kyrkjesokn der grenda Sjógv i Strendur var sentrum.

Historie endre

Det gamle Sjóvar sókn femnde om bygdene Selatrað, Strendur, Skáli og Skálafjørður. Av desse bygdene er Skálafjørður den yngste. Ho vart bygd ei tid på 1600-talet. For ein 100 år sidan kom i tillegg nybygdene Morskranes og Innan Glyvur. Den nyaste bygda er Kolbanargjógv som kom for ein 60 år sidan.

1. januar 1952 vart Sjóvar kommuna delt. Skáli og Skálabotnur kom inn under den nye kommunen, Skála kommuna, som siden 2005 har vore ein del av Runavíkar kommuna. Dei andre bygdene kom inn under den noverande Sjóvar kommuna.

Kjelder endre