Sjøgang eller sjø (engelsk sea state) er ei skildring av tilstanden til havoverflata når det gjeld bølgjer skapt av vind og dønningar.

Sjøgang rapporterast ved visuell observasjon eller ved hjelp av instrument som vêrbøyar, bølgjeradar og satellittovervaking. DNMI gjev ut bølgevarsel Arkivert 2010-02-04 ved Wayback Machine. for aktuelle havområde.

Praktisk bruk endre

Sjøgang er av tyding for helikoptertrafikken på kontinentalsokkelen sidan det påverkar høvet for å gjere ein sikker nødlanding på havet. Moderne helikopter er utstyrt med nødflyteutstyr som skal klare å halde helikoptret flytande i opprett stilling i opp til sjø 6.

Verdas meteorologiorganisasjon si klassifisering av sjøgang med skildring endre

WMO klasse Bølgjehøgd (meter) Skildring
0 0 Havblikk
1 0 til 0.1 Småkrusa sjø
2 0.1 til 0.5 Smul sjø
3 0.5 til 1.25 Svak sjø
4 1.25 til 2.5 Noko sjø
5 2.5 til 4 Mykje sjø
6 4 til 6 Høg sjø
7 6 til 9 Svært hav
8 9 til 14 Veldig opprørt hav
9 over 14 Overordentleg opprørt hav

Sjå òg endre

Kjelder endre