Eit sjøkart eller draft er eit kart over sjøområde med tilgrensande kyst der landdelen av kartet er lite detaljert, men med markering av landskapsformasjonar som er karakteristiske sett frå sjøen. Eit hovudpoeng ved sjøkarta, i tillegg til å vise konturen av land, holmar og skjer, er å oppgje detaljerte opplysningar om djupner ved full fjøre; tidlegare vart desse oppgjevne som famner, men frå innpå 1900-talet har norske sjøkart gradvis gått over til å vise djupner i meter.

Moderne elektronisk sjøkart.
Sjøkart frå 1748 av Baja California og Stillehavet.

Om namna endre

Norsk «sjøkart», svensk sjökort og dansk søkort er lånt frå tysk Seekarte eller nederlandsk Zeekaart. «Sjøkart» er det tradisjonelle namnet i utanriksfart og offentlege samanhengar.

«Draft» er lånt frå engelskdraft, ‘konturteikning, skisse’. Det blir hevda at ordet opphavleg vart bruka om dei foreløpige skissene som vart laga av nyoppdaga kystområde ved dei store oppdagingsferdene frå 1400-talet og framover. Draft er det tradisjonelle namnet i norsk kystfart, inkludert kystfiske.[1] Ordet blir ofte avvist som feil med argumentasjonen at lånet kjem frå draught (‘djupn, djupgang’) gjennom at norske sjømenn misforstod engelske sjøoffiserar som sa: «Read the draught!» (‘Logg djupna!’).

Norske sjøkart endre

Den offisielle oppmålinga av kysten og sjøen for sjøkartbruk vart starta av Norges geografiske Opmaaling i 1785. Den hydrografiske seksjonen vart skilt ut som eigen institusjon direkte under Forsvarsdepartementet ved Marinen med namnet Norges Sjøkartverk ved stortingsvedtak den 26. mars 1930. Sjøkartverket fungerte som eigen institusjon frå 1932 til samanslåinga med fylkeskartkontora under namnet Norges kartverk i 1986.

Den viktigaste sjøkartserien er hovudkartverket (målestokk 1:50 000).

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Sjå «draft» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff endre