Sjølvoppfyllande profeti

Ein sjølvoppfyllande profeti er ein spådom eller ein profeti som går i oppfylling berre for di han vert ytra. Profetien treng ikkje ha noko rot i røyndomen, men med di han vert teken opp att jamt og trutt, hender det som profetien spår.

Eit døme på ein sjølvoppfyllande profeti er når nokon sår gjetordet om at banken kjem til å gå konkurs. Uavhengig av om banken verkeleg står i fåre for å gå konkurs, ottast folk for pengane sine, tek dei ut av banken, og banken går faktisk konkurs.

Ovringa sjølvoppfyllande profeti vart fyrst sett ord på av Robert Merton.