Sjakkbrikka bonde

Bonden er den svakaste og mest talrike brikka i brettspelet sjakk. Kvar spelar startar spelet med åtte bønder, ein på kvart felt i den andre rada, sett frå spelaren. På sjakkbrettet startar dei kvite bøndene på a2, b2, c2, ..., h2, medan dei svarte bøndene startar på felta a7, b7, c7, ..., h7. Bøndene vert ofte gjeve namn etter den lina dei står i, ein talar til dømes om "den kvite f-bonden".

Svart og kvit bonde.

I motsetnad til alle dei andre brikkene kan ikkje bønder flyttast bakover på brettet. Ein bonde går normalt eitt felt fram. Fyrste gong bonden vert flytt frå utgangsposisjonen, kan han flyttast to felt fram.

Bonden slår ikkje brikker på same måte som han flyttar mellom felt. Bonden slår på skrå, eitt felt diagonalt. Brikker som står like framfor ein bonde, anten dei er eigne eller motstandarane sine, stengjer framvegen for bonden.

Eit meir uvanleg trekk er en passant-slaget. Eit slikt trekk skjer når ein bonde flyttar to felt fram frå utgangspunktet. Om bonden passerer eit felt som er under åtak av ein av motstandaren sine bønder vert det kalla ein passant. Motstandaren sin bonde, som hadde kunna slå bonden om han berre hatt gått eitt felt fram, har lov til å slå bonden som om han berre hadde flytta eitt felt fram. Bonden som slår, vert plassert på det tomme feltet som motstandaren sin bonde flytta over, og sistnemnde bonde vert fjerna frå brettet. Ein passant må nyttast i trekket etter at bonden har flytta to trekk fram, elles misser ein høvet til dette.

Ein bonde som kjem heilt fram til motsett ende av brettet (motstandaren si første rad), blir endra til ei anna brikke etter spelaren sitt eige val. Dette blir kalla bondeforvandling. Bonden vert i same trekket, og før motstandaren sitt neste trekk, erstatta med ei dronning, eit tårn, ein løpar eller ein springar av same farge. I dei aller fleste situasjonar er det mest fornuftig å velja ei dronning, sidan dette er den sterkaste brikka.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sjakkbrikka bonde