Skåre kyrkje

kyrkje i Haugesund

Skåre kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1858[1] i Haugesund kommune i Rogaland fylke.

Skåre kyrkje
kyrkje
Arkitekt Christian Heinrich Grosch
Teknikk tømmer
Material Tre
Innvigd 1858
Skip Åttekantkyrkje
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 450
Kart
Skåre kyrkje
59°25′10″N 5°15′49″E / 59.4195°N 5.2635°E / 59.4195; 5.2635
Wikimedia Commons: Skåre kirke
Kyrkjetype teikna av Grosch

Byggverket er i tre og har 450 plassar[2] (Rasmussen oppgir 550 plasser[3]). Kyrkjeklokkene frå den forrige Skåre kyrkje blei brukt i den nye.[4] Kyrkja blei utvida i 1972. Den har ei defekt kyrkjeklokke frå mellomlalderen, ei frå 1621 og tre frå 1973. Altertavla er frå 1858, orgelet er frå 1958. Eit dåpsfat er frå 1627. Kyrkjerommet har galleri.[3]

Haugesund fekk kjøpstadsrettar i 1854 og blei skilt ut frå Torvastad. I 1879 blei Haugesund og Skåre slått saman til eitt prestegjeld og i 1958 blei Skåre herred ein del av Haugesund kommune. [5]

Kjelder endre

  1. Kyrkjesøk
  2. Kyrkjesøk oppgir 450, ikkje 550.
  3. 3,0 3,1 Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag. s. 468. ISBN 82-7527-022-7. 
  4. Huglen, Andreas (1998). Skåresoga. Saltveit. 
  5. Myckland, Haakon Falck (1959). Norges bebyggelse : Sørlige seksjon Herredsbindet for Rogaland Nordre del. Norsk faglitteratur. 

Bakgrunnsstoff endre