Skalden Skurres historier

Skalden Skurres historier, (originaltittel: The Tales of Beedle the Bard) er ei bok skrive av suksessforfattaren J.K. Rowling. Boka vart skrive som eit supplement til serien om trollmannen Harry Potter, og skal førestille ei vanleg barnebok med nattahistorier for små hekser og trollmenn. I den sjuande og siste boka om Harry Potter, er Skalden Skurres historier viktige for å løyse den store gåta om korleis hovudpersonane kan knekke den vonde trollmannen Voldemort. I den trykte utgåva er det kommentarar og notat frå Albus Humlesnurr sjølv, i tillegg til eit forord frå forfattaren.

Boka kom ut både i Storbritannia og Noreg i 2008, og det økonomiske overskotet går til The Children's High Level Group (CHLG), som arbeider for å gjere livet betre for utsette born og unge over heile Europa.