For den norske dramaserien, sjå fjernsynsserien Skam.

Skam er ei vond kjensle av å ha vist fram ei nedverdigande side av seg sjølv i ein sosial eller kulturell samanheng. Kjensla kan kome frå at ein samanliknar sine individuelle handlingar med standarden som er venta av ein i den sosiale eller kulturelle konteksten. Når ein person er skamfull, føler individet seg ofte mislukka, udugeleg eller umoralsk.

Den skamfulle Eva etter syndefallet i hagen i Eden, slik skulptøren Auguste Rodin (1840-1917) har framstilt ho i gips i 1881.

Skam er kjent frå dei fleste kulturar og er nokre gonger brukt som verkemiddel i oppsedinga.

Kjelder endre