Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Skanderbeg».

Gjergj Kastrioti (140517. januar 1468), meir kjend som Skanderbeg, var ein albansk nasjonalhelt. Skanderbeg var ein osmansk offiser av albansk fødsel som tok tilbake albansk landområde og kjempa mot den osmanske hæren i to tiår. Han er særleg kjend gjennom verket til renessansehistorikaren Marin Barleti.

Skanderbeg

Fødd6. mai 1405
FødestadSinë
Død17. januar 1468
DødsstadLezhë
MorVoisava Tripalda
FarGjon Kastrioti
EktefelleDonika Kastrioti
BarnGiovanni Castriota Granai
MedlemDrakeordenen

Liv endre

Gjergj (Georg) Kastrioti var fødd i Krujë i midtre Albania, der far hans Gjon Kastrioti var fyrste over eit osmansk lydrike. Som liten blei han og tre brør tekne til det osmanske hoffet for å sikra truskap frå herskaren. Gjergj Kastrioti konverterte til islam og fekk militær opplæring i Edirne. Etter å ha leia mange slag for osmanarane fekk han tilnamnet Arnavutlu İskender Bey, 'fyrst Aleksander Albanararen', etter Aleksander den store. Namnet blei seinare albanisert til Skanderbeg. Han blei etterkvart utnemnd til general i den osmanske hæren, og kjempa fleire slag i Europa og Vesle-Asia. Han fekk tittelen vali av sultan Murat II, og leidde til slutt ein kavaleristyrke på 5000 mann.

 
Seglet til Skanderbeg.

I 1443 fekk Skanderbeg og fleire andre albanarar høve til å skifta side under eit slag mot ungararane i Niš sør i Serbia. Han drog tilbake til Albania og tok tilbake farsborga i Krujë ved hjelp av eit forfalska brev frå sultanen til guvernøren der. Skanderbeg tok avstand frå islam og erklærte at han ville hemna familien og landet sitt. Han tok i bruk flagg med dobbeltørna, eit gammalt romersk og bysantinsk symbol som ein i dag mellom anna finn på det albanske flagget. Han allierte seg med Gjergj Arianit Komneni og gifta seg med dottera hans, Andronike (fødd Marina Donika Arianiti). I 1444 fekk han samla dei albanske prinsane i Lezhë og grunnla ein liga mot osmanarane. Skanderbeg blei vald til leiar. Dei neste 25 åra førte albanarane ein nokså vellykka geriljakrig mot osmanarane, der dei gjorde nytte av dei albanske fjella til å slå mykje større styrkar.

I 1461 blei Skanderbeg og den osmanske sultanen einige om ei treårig våpenkvile og deretter, etter ein mislukka osmansk invasjon, ei ny tiårig våpenkvile i 1463. I 1468 kom dei gjenverande albanske fyrstane saman i Lezhë igjen for å organisera ein ny liga og diskutera strategiar. Under møtet blei Skanderbeg sjuk av malaria og døydde. Albania var utarma av krig og leiarlaust. Dei osmanske styrkane erobra Krujë i 1478 og Shkodër i 1479. Dette var slutten på organisert albansk motstand.

Kjelder endre

  Denne historieartikkelen som har med Albania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.