Eit skaut er eit hovudtørkle eller sjal som dekker mesteparten eller heile håret og hovudet til ei kvinne. Skaut kan ha ulik utforming og knytast eller draperast på ulike vis.

Skisse av eit skaut.
Festing av skaut til åmlibunaden.
Foto: Eirik Newth

Nemninga «skaut» blei opphavleg brukt om eit firkanta, kvitt stykke klede av lin eller bomull. Ordet betyr «hjørne» eller «snipp» (‘noko som er skote fram’), og viser til tøystykket når det er bretta til ein trekant og før det blir knytt på hovudet.[1][2] I norsk tradisjon har plagget særleg blitt brukt som «koneskaut» av gifte kvinner, i blant stiva og bunde over ein valk. Ein har knytta tørkledet bak på hovudet eller under haka.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Oppslagsordet «skaut» i Det Norske Akademis ordbok
  2. Noss, Aagot (1924-2015). Krone og skaut: jente-, brure- og konehovudbunader i Hordaland. Oslo: I samarbeid med Norsk folkemuseum. s. 26. ISBN 8203221548.