Skeise-VM 1960 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1960 for menn vart avvikla i Davos i Sveits helga 6. og 7. februar 1960. 41 utøvarar deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg.

Boris Stenin frå Sovjetunionen vart verdsmeister, nærare tre tidspoeng føre andremann. Stenin fekk bestetid på 1500-meteren, medan landsmennene Jevgenij Grisjin og Valerij Kotov gjekk fortast på høvesvis 500 meter og 5000 meter. Nederlendaren Jan Pesman vann 10000-meteren.

Skeise-VM 1960 endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Boris Stenin   Sovjetunionen 186,487
  André Kouprianoff   Frankrike 189,245
  Helmut Kuhnert   Aust-Tyskland 189,497
4 Valerij Kotov   Sovjetunionen 189,927
5 Viktor Kositsjkin   Sovjetunionen 190,118
6 Jan Pesman   Nederland 190,235
7 Knut Johannesen   Noreg 190,323
8 Per Olof Brogren   Sverige 191,075
9 Oleg Gontsjarenko   Sovjetunionen 191,280
10 Nils Aaness   Noreg 191,492
11 Henk van der Grift   Nederland 191,513
12 Ivar Nilsson   Sverige 191,955

Dato: 6./7. februar 1960

Kjelder endre